Hopp til innhold

Nye problem for skandale-prosjekt

Det ambisiøse Yme-prosjektet har allereie overskride den planlagde prisen med meir enn fire milliardar kroner. Nå støytar prosjektet på fleire skjær i sjøen.

Yme-plattformen

Denne plattformen skulle i 2009 stå for den første attopninga av eit oljefelt på norsk sokkel. Men i mars 2012 har framleis ikkje Yme-plattformen produsert ein dråpe olje, og ingen kan sei når den kan bli tatt i bruk.

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

Arbeider med Yme-plattformen på Rosenberg verft

Yme-plattforma blei bygd i Abu Dhabi, frakta til Stavanger og vidare ut i Nordsjøen.

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

I 2009 skulle Yme feltet, som første felt på norsk sokkel, bli attopna for å nytta seg av det som var att av olje frå då feltet blei stengt i 2001.

Dårleg samhandling

Slik blei det ikkje. Det har blitt påvist mange manglar og feil ved den nybygde plattforma, som nå er i Nordsjøen etter å ha blitt bygd i Abu Dhabi. Det blir endå til spekulert i om heile Yme-plattforma er ubrukeleg, og 12 milliardar kroner har blitt kasta ut vindauget.

Nå skriv Teknisk Ukeblad på nett at det har vore svært dårleg samhandling mellom operatør Talisman og leverandør SBM under bygging og reparasjon av plattforma.

Ifølgje dokument fagbladet har fått tilgang på får Talisman kraftig kritikk frå SBM for å ikkje informera om viktige operasjonar og hendingar.

Reparasjonar tar dobbelt så lang tid

– SBM blei aldri informert om ei hending der ein kranoperatør braut ei barriere. Og Talisman dreiv tydelegvis med massiv boring i ein brannvegg utan å informera SBM. Kva er det elles som har gått føre seg utan at SBM kjenner til det?, skal det ifølgje TU stå skrive i brev frå SBM til Talisman.

Bladet skriv også at det kjem fram av dokumenta at det står att svært mykje reparasjonsarbeid på plattforma.

Eit arbeid som blei gjort i 2010 med å fiksa det elektriske anlegget skal ha ført prosjektet bakover, og reparasjonsarbeidet vil truleg ta dobbelt så lang tid enn det som først var venta.

Dokumenta skal også bera preg av at partane førebur seg på rettssaker i tida som kjem.