Hopp til innhold

– Kanskje eg blir drepen

Askale Wendemo er ei av dei som kan bli sendt heim med tvang etter Norge inngjekk returavtale med Etiopia. Dersom det skjer fryktar ho for kva som kan skje.

Video 64fd1023-85c6-43a1-ba7f-a7457a465408.jpg

VIDEO: Askale Wendemo fryktar kva som vil skje dersom ho blir sendt tilbake til Etiopia. I kveld demonstrerte ho på Domkirkeplassen i Stavanger. (Foto: Mathias Oppedal/NRK)

I kveld demonstrerte over 100 personar utanfor Domkirken i Stavanger mot det dei meiner er ein umenneskeleg utleveringsavtale frå dei norske styresmaktene.

Det var i slutten av januar Norge underteikna ein avtale med Etiopia. Denne avtalen opna for at 400 etiopiarar, som oppheld seg ulovleg i Norge, kan tvangssendast tilbake.

Demonstrasjon ved Domkirken

– Kven tar vare på barna når foreldra blir fengsla, det var noko av det demonstrantane utanfor Domkirken i Stavanger lurte på i kveld.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Tvangsreturnering etter 15. mars

Etiopiarane får to val, anten å reisa tilbake frivillig med ein startkapital på 40.000 kroner, eller bli sendt tilbake med tvang etter 15. mars. Ei av dei som ikkje vil tilbake er Askale Wendemo.

Ho har budd i Norge i ni år, og studerer til å bli byggingeniør.

– Det er veldig farleg for meg å bli sendt tilbake. Eg kan bli arrestert eller drepen, så dette er ikkje lett, seier ho til NRK.no etter demonstrasjonen i Stavanger i kveld.

Ho ser på det som flott at så mange kom for å støtta opp om denne saka i Stavanger i kveld.

– Særleg hyggjeleg er det at folk frå andre land støttar oss. Dei viser kjærleik og omtanke, seier kvinna som framleis har eit håp om at ho kan få bli i Norge.

– Bra for Norge

Pål K. Lønseth, statssekretær i Justisdepartementet.

Statssekretær i Justisdepartementet, Pål K. Lønseth, meiner utleveringsavtalen er bra for Norge.

Foto: Justisdepartementet

Styresmaktene meiner likevel at det er viktig å ha moglegheita for tvangsreturnering av personar som har fått avslag på søknaden sin dersom Norge skal ha ein kontrollert og regulert innvandringspolitikk.

I januar sa statssekretær i Justisdepartementet, Pål K. Lønseth, følgjande til NRK. no:

– Dette er ein avtale som er bra for Norge, og som eg håper blir effektivt brukt av politiet og utlendingsstyresmaktene.

Ifølgje Girum Zeleke, førsteamanuensis på instituttet for Sosialfag ved Universitetet i Stavanger, blei dagens demonstrasjon mot Norge også arrangert i andre europeiske byar.

– Det blir demonstrert mot Norges returavtale med Etiopia og mot utsending av barnefamiliar før Stortingsmeldinga "Barn på flukt" er behandla, seier han.

Han meiner at det må bli gitt politisk asyl til menneske som risikerer fengsling og turtur på grunn av opposisjon mot etiopiske styresmakters brot på menneskerettar.

Video 434effc9-7340-4486-bfc9-5721ffa208a3.jpg

Huriya Sultan Iman Dano (17) og Abelone Melesse (16) talte under demonstrasjonen på Domkirkeplassen i Stavanger i kveld. (Foto: Mathias Oppedal/NRK)

– Dette er veldig urettferdig

To jenter som hadde ein appell under demonstrasjonen var Huriya Sultan Iman Dano (17) og Abelone Melesse (16).

Dei meiner utleveringsavtalen er svært urettferdig, og rammar uskuldige menneske.

– Det som er feil er at uskuldige barn og menneske, som har gjort gode ting for dette landet blir tvungne til å reisa, seier Melesse.

Dei to kjenner fleire av dei 400 som står i fare for å bli sende ut.

– Me er her for å støtta dei. Dette er trist og det sårar også oss, seier Sultan Iman Dano.

– Me vil gjera det me kan for at dei skal kunne bli i Norge, fullførar Melesse.