Mykje kan tyda på at ein person er så hissig på lisensen til NRK, at han i løpet av natta har vald å gjera vandal av seg.
- Kva meiner du om lisensen? Sei meininga di nedanfor ...
Med feite svarte spraylakkbokstavar har den eine radiobilen på Ullandhaug fått påskrifta «Lisens Tyranni!!!».
Det var økonomiansvarleg Margit Reisæter Sola, som først oppdag beskjeden.
– Eg måtte sjå to gonger før eg forstod kva det var, seier ho.
Nå har drift og vedlikehaldsoperatør, Rune Gundersen fått oppgåva med å fjerna tagginga.
– Han prøver først med teknisk sprit, om det ikkje nyttar må bilen leverast inn. Det kan bli dyrt, og dessverre er det lisenspengar som vil gå med til dette, seier Reisæter Sola.