26.05.2012

Malingsstrid til retten

Ein gjerdemalar i Gjesdal blei først pressa inn til gjerdet av ein bubil og så skjelt ut av sjåføren. Han svarte med å gi bubilen eit ekstra malingsstrøk.

Det var i juni i fjor sommar den spesielle malingsstriden fann stad i Gjesdal i Rogaland.

Ein heilt vanleg mann ante fred og ingen fare då han malte eit gjerde for ein kjenning. Plutseleg dukkar naboen opp med bubilen sin.

Han var tydelegvis ikkje glad for synet som møtte han. Sjåføren set handa på bilhornet og tutar på malaren som ligg på knea og maler. Han stig så ut av bilen, skjeller ut malaren og kastar så malingsspannet over gjerdet.

Malte bubilen

I situasjonen som oppstår påfører malaren eit to meter langt strøk maling på bubilen.

Striden er nå komen opp for Jæren tingrett. Ifølgje retten var det liten klaring mellom bubilen og gjerdet, og dei legg derfor til grunn av «forbikjøringen var i strid med aktsomhetsnormen i vegtrafikkloven».

Retten viser derfor forståing for at malaren tok fram malingsrullen då bilen køyrde forbi. Dei meiner likevel han ikkje måtte lena seg til bubilen for å halda avstand, og meiner han like gjerne kunne lent seg mot gjerdet.

Dømd til å betala bot

Det at malinga er påført bilen i ei rett, horisontal linje, tyder også på at det er gjort med vilje, ifølgje retten.

Det er stor usemje om kor brei vegen er på staden og kor nær bubilen passerte.

Uansett blir gjerdemalaren dømd til å betala bubileigaren dei 8.750 kronene det kosta å reinska og omlakkera bubilen. Han må også betala ei bot på 3.000 kroner for skadeverket.

Siste: NRK Rogaland