Hopp til innhold

Oppdaga brystkreft med ny metode

Ein ny form for mammografi var avgjerande for at legane ved Stavanger universitetssjukehus oppdaga kreft i brystet til Asta Synnøve Blix Vågsdalen. Sjukehuset er det første i Skandinavia som tar metoden i bruk.

Skilnad på mammografimetodar

SJÅ SKILNADEN: Dette er to bilete av det same brystet. Til venstre er den tradisjonelle mammografimetoden medan bilete til høgre viser kontrastmammografi. Ein kan sjå kor mykje tydelegare kreftsvulsten kjem fram i kontrastmammografien.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Barbro Furebotten Iversen

Med meir nøyaktige bilete av brysta er det lettare for Barbro Furebotten Iversen, ved SUS, å velja operasjonsmetode.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Når me brukar kontrastmammografi kan me vera sikrare på at det me seier er riktig, seier Barbro Furebotten Iversen, seksjonsoverlege ved Brystdiagnostisk senter på Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Ho er av dei første legane i Norden som tar i bruk metoden med å sprøyta ei kontrastvæske inn i blodet til pasienten før mammografien.

Dermed blir det lettare å oppdaga kreftsvulstar på eit tidleg stadie:

– Metoden aukar moglegheita til å sjå noko gale i brystet, og studier viser at sensitiviteten aukar med 15 prosent, seier Furebotten Iversen.

Oppdaga kreft hos Asta Synnøve

På sin siste rutinekontroll, før fylte sytti år, oppdaga legane noko unormalt i det eine brystet til Aasta Synnøve Blix Vågsdalen.

Ho er ei av nesten tre tusen kvinner som årleg blir ramma av brystkreft.

– Då eg fekk brevet tenkte eg det verste. Då kjende eg det, seier ho i dag.

Men det blei med bekymringane. Ved hjelp av den nye metoden kontrastmammografi fant legane kreften tidleg. Med kontrastveske sprøyta inn i blodet får legane eit tydelegare bilete av kva som eigentleg skjular seg mellom vanleg vev.

Sjå TV-innslag om Asta Synnøve:

Video Kontrastmammografi var avgjerande

VIDEO: Kontrastmammografi var avgjerande for Asta Synnøve Blix Vågsdalen.

Les òg:

Einaste sjukehuset i Skandinavia

Stavanger Universitetssjukehus det einaste sjukehuset i Skandinavia, og det sjuande i Europa, som tilbyr pasientar kontrastmammografi. Dei tok det i bruk i oktober 2011, og har nå gjort seg erfaringar med den nye metoden.

Ein førebels studie viser at metoden er like nøyaktig som MR. Fordelen er at pasient-køen er kortare, og metoden billegare.

Med meir nøyaktige bilete er det lettare å bestemma operasjonsmetode. I enkelte høver kan bilete avgjera om brystet må fjernast eller ikkje.

– Me har også tilfelle der me i eit tett bryst ser ein svulst med ein storleik der me kan gjera ein brystbevarande operasjon, så køyrer me ein kontrastmammografi og ser at her må me ta heile brystet. Dermed sparar me pasienten og alle andre for eit ekstra inngrep, seier Barbro Furebotten Iversen.

I Asta Synnøves tilfelle var kontrastmammografi heilt avgjerande.