Hopp til innhold

– Eg er ikkje overraska, men letta

Det var ein letta Trond Birkedal som møtte pressa like etter dommen i rettssaka mot han hadde falt. Stavanger tingrett har i dag frifunne Birkedal for seksuelt overgrep mot barn.

Birkedal glad for å setja punkt

VIDEO: Høyr Birkedal sin reaksjon like etter domsseiinga i dag.

Domsavsigelse i Birkedal-saka

Dommar Bjørn Enoksen Ristesund las opp dommen i Birkedal-saka i Stavanger tingrett i dag.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er ganske alvorleg å vedta ein dom, men eg håper dette kan vera eit punktum, og at eg kan gjera opp for meg for så og koma meg vidare, sa Trond Birkedal då han noko letta kom ut frå Stavanger tingrett i dag.

Må ikkje sona

Ei fengselsstraff på 60 dagar var dommen han fekk. Sidan han allereie har vore varetektsfengsla, og sidan 40 dagar var på vilkår, slepp han å sona.

Han blir altså berre dømt for det som han har tilstått, og det som det finst handfaste bevis for.

Dette handlar om å snikfilma nakne gutar i dusjen, og lura gutar til å visa seg nakne på internett.

– Gleda blir noko dempa sidan eg veit at eg har gjort nokon vondt, seier Birkedal.

Dei mest alvorlege punkta i tiltalen er Birkedal frikjend for. Ifølgje tiltalen skulle Birkedal ha utsett mindreårige gutar for seksuelt overgrep og seksuell handling. Men retten lot tvila koma tiltalte til gode.

Trond Birkedal etter domsavsigelsen

Trond Birkedal vil ikkje bli fotografert ved rettslokala og møtte pressa ved ein restaurant etter domsseiinga.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kan bli ankesak

– Rettssaka har kasta eit bra lys over dei påstandane eg har nekta for, seier Birkedal.

Påtalestyresmaktene vil framleis ikkje ta stilling til om dei vil anka eller ikkje. Dei tar tenketida si i vinterferien.

– Dette er eit førebels punktum, eg kan ikkje sei meir om det enn at påtalestyresmaktene også har rett til å anka, seier den tidlegare toppolitikaren i Frp.

– Kjem du til å koma tilbake i politikken?

– I dag er ikkje dagen for å snakka om eit politisk comeback.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.