– Bygg fleire bustader på Forus

Helge Solum Larsen (V) tar til orde for meir bustadbygging på og ved Forus.
Det går mot trafikkaos når talet på arbeidsplassar på Forus blir dobla dei neste 15 åra. – Løysinga blir å bygga bustadar i Forus-området, meiner Helge Solum Larsen (V).
Publisert 28.01.2012 12:34.
- Kommentarer
- Skriv ut
I dag arbeider 35.000 menneske i næringsparken på Forus. I løpet av 15 år er det forventa at dette talet er dobla.
Då seier det seg sjølv at det kjem til å bli store trafikale utfordringar i området, dersom det ikkje blir sett i verk tiltak.
Les også: Tusenvis vil trenge buss på Forus
Les også: Sikker på Ikea-nybygg
– Kan bygga både på og rundt Forus
For å hindra at alle reiser til og frå Forus kvar dag meiner Solum Larsen at det må bli bygd bustadar i området – nær alle arbeidsplassane.
– Dette er store moglegheiter til å bygga bustadar både på Forus og i nærleiken, seier nestleiaren i Venstre.
Han viser til at ein alt i dag ser tendensar til overbelastning av vegnettet i eit område med minimale kollektivtilbod.
Vil ha betre busstilbod
Også ordførar i Sandes, Stanley Wirak (Ap), erkjenner at veksten på Forus skaper utfordringar.
– Nå gjeld det å arbeida for fullt for å få til eit betre kollektivtilbod til Forus, seier han, og legg til:
– Problemet i vår region er at me diskuterer og diskuterer, utan at noko blir vedteke. Nå må me bli einige om å gjera noko med trafikk-utfordringane, seier han.
Fylket kan bremsa kommuneplanar
Men også fylkeskommunen vil ha eit ord med i laget i Forus-debatten. Dei meiner det nå har blitt så mange negative konsekvensar av Forus-veksten at dei vil legga inn endringar i regionalplanen for området.
– Planen skal ut på høyring til våren, og det kan bety at fylkeskommunen går inn for andre ting enn det kommunane vil, seier plansjef Christine Haver.

Flere kvinner enn menn fedmeoperert







