Hopp til innhold

Nav vil ha arbeidslause portugisarar til Norge

Behovet for ingeniørar og fagfolk i Norge blir berre større og større. Nå tar Nav saka i eigne hender og reiser til Sør-Europa på ingeniørjakt.

NAV

Nav i Rogaland reiser i vår til Portugal. Målet er å skaffa arbeidskraft til trengjande bedrifter.

Foto: Illustrasjonsfoto: Frode Wik / NRK

Terje Seim

Terje Seim hos konsulentselskapet Necon er i tvil om at bedrifter i Norge treng denne hjelpa frå Nav

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

– Jakta på dei gode hovuda er intens, seier Terje Seim hos konsulentselskapet NECON i Sandnes.

Han har alltid antennene ute etter fagfolk, likevel står heile 500 ingeniørstillingar ledige berre i Rogaland. På landsbasis manglar det fleire tusen ingeniørar.

Nav vil skaffa arbeidskraft

– Det er eit ekstremt behov for fagfolk, og me fiskar alle i den same dammen, seier Seim.

Men dammen byrjar og bli tom for alvor. Også på dei tradisjonelle utanlandsmarknadene i Polen og Asia er det nå færre fagfolk å ta av.

Derfor har Nav i Rogaland tatt på seg oppgåva med å skaffa norske bedrifter arbeidskraft:

– Me må retta oss i ryggen og koma oss ut for å kartleggja kva som finst. Me må så kopla arbeidssøkjande i Europa med arbeidsgjevarar i Rogaland som treng arbeidskrafta, seier leiar for Nav Rogaland, Truls Nordahl.

Først til Portugal

I vår går derfor turen til Portugal. Saman med arbeidsgjevarar reiser Nav-tilsette ned for å kopla ingeniørar til den norske marknaden.

Terje Seim i NECON er overraska over Nav sitt aktive engasjement i dette, men Nordahl meiner det er nødvendig:

– Har ikkje Nav nok å gjera heime?

– Jo, men dette er ei av dei viktigaste oppgåvene til Nav. Det å hjelpa arbeidsgjevarar å sjå kor det finst ledig arbeidskraft.

– Me ønskjer også å leita i Spania og Romania, land som me ikkje har jobba så mykje med før, seier Nordahl fram.

– Norge er i ein heldig posisjon

Portugal har blitt råka hardt av finanskrisa i fjor. Framleis er det tronge tider og mange treng jobb:

– Me står i ein heldig situasjon. Europa slit, det gjer ikkje Norge, og endå mindre slit Rogaland. Me har behov for arbeidskraft medan det er mykje ledig i Europa, seier han.

Men å påstå at Nav skal vera ein reddande engel i Europa gjer han likevel ikkje, for det er spesielt portugisarane sine gode engelskkunnskapar som freistar NAV.

Seim er i tvil om at bedrifter i Norge treng denne hjelpa frå Nav, noko Nordahl meiner at fleire bedrifter gjer.