23.05.2012
Tvang mot psykisk utviklingshemma:

– Mørketal kjem fram i lyset

Bofellesskap (Foto: Erik Waage/NRK)

I Rogaland har talet på meldingar om tvangsbruk mot psykisk utviklingshemma i bufellesskap nærmast dobla seg etter fokus på meldesystemet. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Erik Waage/NRK

Bruk av tvang mot psykisk utviklingshemma er langt meir vanleg enn det som tidlegare har vore kjent. Auka satsing på meldekultur har ifølgje Helsetilsynet ført til at tala for tvangsbruken nærmast har dobla seg i Rogaland det siste året.

I 2010 blei det meldt inn om lag 20.000 enkeltvedtak på bruk av tvang og makt ovanfor psykisk utviklingshemma i bufellesskap i Norge.

Så langt i år har heile 5.800 slike meldingar kome frå berre Rogaland. Årsaka til dette er ifølgje Ellen Bjerga Heskje hos Helsetilsynet i Rogaland arbeid med å få alle til å melda frå om tvangen.

– Kommunar sluntrar unna

– Me meiner dette viser at det er store mørketal i bruken av tvang. Med meir opplæring og bevisstgjering rundt om i landet vil desse tala bli meir reelle, seier Bjerga Heskje.

Mange kommunar sluntrar unna ansvaret når det kjem til rettleiing og opplæring av personale i bukollektiv, meiner Heskje. Derfor har Fylkesmannen i Rogaland hatt en intensiv kursing om kva som skal meldast inn av tvang og maktbruk.

I heile fjor var blei det meldt om 3.100 enkeltvedtak om tvang i Rogaland, medan talet hittil i år er 5.800.

Ifølgje ein rapport frå Sintef er det stopping av utagering og skading som ligg til grunn for det meste av tvangen som blir meldt inn.

– Eg trur nok bilete her er delt. Ein del gonger er denne tvangen nødvendig for å unngå skadar. Men i andre høver ville ein kanskje kunna unngått valden med meir kompetanse og kunnskap om kva utageringa er eit uttrykk for, seier Bjerga Heskje.

Registrerte enkelttilfelle av tvangsbruk i 2010

 Fylke

Tal på melde enkelttiltak

Personar meldingane gjalt

Østfold25060
Oslo og Akershus3654295
Hedmark29638
Oppland33645
Buskerud132363
Vestfold82236
Telemark20834
Aust-Agder26024
Vest-Agder24244
Rogaland3123126
Hordaland29086
Sogn og Fjordane55432
Møre og Romsdal405345
Sør-Trøndelag111053
Nord-Trøndelag26710
Nordland30543
Troms161829
Finnmark85813

– Enkeltmeldingane må ned

Nå vil Helsetilsynet at alle fylke i landet skal følgja opp dømet som Rogaland. På denne måten meiner dei at dei reelle tvangstala vil koma opp i dagen.

Alf Sverre Johnson, seniorrådgjevar i Statens helsetilsyn, seier generelt om registrering av tvang og makt:

– Etter kvart har me fått meir kunnskap om kva som bør registrerast, og me er nå i ferd med å utvikla eit nytt registreringssystem for ei rekke saksområde.

Han seier det er eit mål å få ned bruken av enkeltmeldingar, og i staden gå over til vedtak om tvang eller makt. Vedtaka gjeld for eitt år om gongen, før dei må bli vurderte på nytt.

– For mykje tvang

Døme på makt og tvang kan vera å halda ein person i armen eller låsa inn skarpe gjenstandar for å hindra at han eller ho skadar seg sjølv eller andre. Andre døme kan vere å låsa inn mat for å hindra at den utviklingshemma ikkje får i seg forderva eller for mykje mat.

Før makt eller tvang skal alle andre tiltak ha blitt prøvd ut.

– Det er blir framleis brukt for mykje tvang og makt, seier Heskje.

Ho trur manglande kunnskap om psykisk utviklingshemming fører til unødig bruk av tvang og makt. Haldningane ovanfor dei utviklingshemma kan også bli betre meiner ho.

Siste: NRK Rogaland