23.02.2012

Forskar-pris til student frå Fister

Audun Hetland (Foto: Forskningsdagene)

Audun Hetland frå Fister nådde heilt til topps under konkurransen «Forsker grand prix» i Bergen.

Foto: Forskningsdagene

Masteroppgåva i «ekstremsport» gjorde at Audun Hetland frå Fister i Hjelmeland nådde heilt til topps i «Forsker grand prix».

Hetland er til dagleg knytt ilt Universitetet i Tromsø (UiT), der han har studert dei siste tre-fire åra.

– Kjempefornøgd

Det var masteroppgåva i «ekstremsport» som kvalifiserte han til finalen i «Forsker grand prix».

Dette er ein konkurranse for doktorgrandsstipendiatar, som presenterer sine forskingsprosjekt i ei populærvitskapleg ramme.

– Eg er sjølvsagt kjempefornøgd for min eigen del, men dette er også ein siger for heile det unge forskarmiljøet i Norge, seier han til Stavanger Universitetssjukehus sine nettsider.

Tok på hoppdressen på podiet

Då Hetland gjorde sin avgjerande presentasjon frå podiet på Den Nationale Scene i Bergen søndag hadde han på seg hoppdress og fallskjermoppakning.

Juryen fekk innblikk i eit miljø ein frå før veit lite om. Resultatet blei tre blanke seksarar, førstepremie og eit reisestipend på 15.000 kroner.

To andre rogalendingar i finalen

Rogalendingane Katrine Brække Norheim frå Stavanger Universitetssjukehus og Kristin Barkve Andersen frå Applied Plasma Physics As kom også til finalen.

Brække har forska på «Fatigue», folk som er trøtte døgnet rundt. Barkve Andersen har studert «grisaloktå», og funne fram til ein metode for korleis ein kan få denne bort.

Siste: NRK Rogaland