Hopp til innhold

Krev innsyn hos underleverandørar for utanlandsk arbeidskraft

– Eit innvikla system med underleverandørar, og leverandørar under dei att, er hovudårsaka til at det skjer sosial dumping, meiner Geir Allan Stava, leiar for LO i Haugesund og omegn. Nå vil han at tillitsvalde skal få innsyn hos underleverandørane for utanlandsk arbeidskraft.

Scarabeo 8-riggen på verftet til Westcon

SCARABEO 8: NRK Brennpunkt avslørte i ein ny dokumentar ulovlege forhold for arbeidarar hos verftet Westcon i Ølen. Fleire hundre polske arbeidarar blei henta til Westcon via underleverandørar.

Foto: NRK

Geir Allan Stava

Leiar for LO i Haugesund og omegn, Geir Allan Stava, reagerer på NRK Brennpunkt dokumentaren som synte ulovlege arbeidsforhold ved Westcon i Ølen.

Foto: Stig Marlon Weston / Sosialistisk Venstreparti

Etter å ha sett NRK Brennpunkt sin dokumentar om sosial dumping etterlyser LO leiaren for Haugesund og omegn meir innsyn for dei tillitsvalde ved norske bedrifter.

Dokumentaren hadde hovudfokuset sitt på verftet Westcon der selskapet Norstec har henta inn fleire hundre polske arbeidarar til å jobba med eit oppdrag på Scarabeo 8-riggen.

Det var hos desse arbeidarane at det blei avdekt fleire uverdige og ulovlege forhold.

Ressurssparande for bedriftene

Desse arbeidarane har arbeid innanfor Geir Allan Stava sitt geografiske dekningsområde, og har fått han til å reagera. Han krev at dei tillitsvalde skal få betre innsyn hos underleverandørane:

– Då kan fleire vera med å kontrollera dette. Eg aksepterer at det kan vera vanskeleg å kontrollera underleverandørar og undeleverandørars underleverandørar, seier Stava.

Han meiner at det må eit stort apparat til for å kunna føra tilsyn. Dermed vil det letta arbeidet om dei tillitsvalde får innsyn:

– Sjølv om det står i kontraktane at alt er i orden veit me jo av erfaring at det ikkje alltid er det. Dersom ein har fleire kontrollørar vil fleire slike tilfelle koma opp i dagen, og bli retta på hos dei bedriftene som ønskjer å vera seriøse, seier han.

Han meiner at hovudentreprenørar vanlegvis har arbeidsforholda i orden, men at det hos underleverandørane florerer av feil og manglar.

– I tillegg vil dette innsynet vera ressurssparande for bedriftene, seier han.

Video Klubbleiar får kritikk

VIDEO: Klubbleiar Bjørn Berge tar sjølvkritikk og seier at dei kunne gjort ein betre jobb.

Klubbleiar får kritikk

Etter avsløringane ved Westcon kan klubbleiaren risikera og bli sett under administrasjon av Fellesforbundet, etter at det blei avdekket fleire brot på arbeidsmiljøloven ved verftet.

– Me er avhengige av at me har av at me har klubbar som fungerer. Anten må det ei radikal haldningsendring i synet på korleis ein driv ein klubb, eller må dei omstrukturera klubben der inne, seier Helge Larsen, som er distriktssekretær i Fellesforbundet Rogaland.

Verftsklubben har lukka auga for sosial dumping, meiner Fellesforbundet i Rogaland.

Fleire av dei 800 innleidde arbeidarane på Westcon har jobba under uverdige forhold.

– Me har nok ikkje gjort god nok jobb. Me har nok vore litt sløve og kunne gjort mykje annleis, men me må prøva å bli betre, seier han.