Hopp til innhold

Vil koma heim til ferdiglufta hund

Folk betalar gladeleg tusenvis av kroner for at andre skal gå tur med hunden deira. Profesjonell hundelufting er allereie stort i USA - i Norge blir det meir og meir vanleg.

Video Hundebarnehage

Foto: Erik Waage

Hanne Larsen elskar hundar, og nå kan ho leva av å passa andre sine.

I april starta ho nemleg opp «Doggy Day Care», den første hundebarnehagen i Rogaland, og kvar dag luftar ho hundane til folk som ikkje vil ha dei gåande heime heile dagen.

Det er nesten som om han smilar når han kjem heim

Ruth Hognestad-Hansen, 73 år

Hentar hundane

– Det er jo veldig amerikanskinspirert, og eg vil seia at dette er hundane si utgåve av ein naturbarnehage, seier Larsen som er stroppa opp med fleire hundeband og som har alle typar hundar rundt seg.

Men i denne barnehagen er det leiaren sjølv som reiser rundt for å plukka opp kjæledeggane til folk. Kvar morgon hentar ho med seg hundar i alle fasongar og tar dei med ut i naturen:

– Me går turar ute i skogen og der me ser hundane likar seg best og kan gå mykje laust, seier ho på veg inn i Njåskogen på Jæren med dagens hundeflokk.

Fleire folk tar i bruk tilbodet

For mange handlar det å ha hund om å sjølv koma seg ut i naturen, og gå lange turar saman med hunden sin.

Lisa Kolnes

Sidan etterspurnaden for hundepass er stor har nå veninna til Hanne, Lisa Kolnes, har starta opp hundebarnehage i Sandnes.

Foto: Doggy Day Care

«Doggy Day Care - Hundebarnehage» tar i mot hundar nett for at folk skal sleppa dette. På nettsidene sine skriv dei at du har gleda av å koma heim til ein ferdig lufta og nøgd hund.

– Kven er det eigentleg som nyttar seg av dette tilbodet?

– Viss du til dømes jobbar overtid ein fast dag i veka kan det vera fint å koma til oss.

Det kan også dreia seg om folk som ikkje har helse til å koma seg ut på turar legg ho til.

– Dessutan er det ikkje alle som har den same moglegheit til å sosialisera hundane som me har. Det at fleire hundar får vera saman treng dei for å utvikla sjølvtillit og sitt eige språk, seier Larsen.

Pedagogisk opplegg

For nett hundepsykologi er ein viktig del av opplegget i hundebarnehagen, og Larsen tilbyr pedagogisk opplegg for hundane:

– Mor mi har jobba i barnehage, så eg er i utgangspunktet veldig pedagogisk inspirert. Mitt ønskje er at dette skal vera meir enn trim for hundane, at dei også skal få mentale utfordringar.

Turen i Njåskogen er ferdig. Hundane blir plassert i kvar sitt bur bak i bilen, og turen går tilbake inn til byen.

På Tjensvoll i Stavanger ventar eigaren til Samson på å få tilbake sin firbeinte ven. Ruth Hognestad-Hansen er svært nøgd med barnehagetilbodet.

– Det er nesten som om han smilar når han kjem heim, seier den eldre kvinna på 73 år.

Hanne Larsen

Fleire folk leverer hundane sine til Hanne Larsen i Stavanger før dei går på jobb. Etter jobb hentar dei ein ferdig lufta hund.

Foto: Doggy Day Care

– For folk som vil gje noko ekstra til hunden

Sjølv om ho leverer Samson til dagpass ligg ho ikkje på latsida av den grunn.

– Normalt er eg ute med han to gonger dagleg. Dei dagane eg har han i barnehage får eg gjort svært mykje andre ting. Dessutan er hunden så glad og full av energi når han kjem tilbake at eg trur det er bra for han, seier Hognestad-Hansen.

– Du bruker ein del pengar på dette?

– Ja, men veit du kva? Det prioriterer eg. Det er som dei seier, det er herleg med ungar, men godt å bli kvitt dei av og til. Og i dag har eg fått slå plenen, seier den humørfulle kvinna.

Hanne Larsen seier at tilbodet er for folk som vil gje noko ekstra til hundane sine, og ikkje berre for folk som ikkje gidd å gå tur med dei.