Hopp til innhold

Stor pågang av folk med solskader

Solskader som pigmentflekkar og rynker aukar kraftig. Mange smører for tynt lag med solkrem, og ikkje minst med alt for låg faktor.

Solbading

SOLBADING: Solskader er den delen av hudfaget som aukar mest ifølgje seksjonsoverlege.

Foto: Anders Aagaard

Marit Stefansen er på veg ut av solarium. 24 minutt med solarium var nok i dag, med solkrem.

– Før var eg dårleg med det, men eg har gått på nokon smellar, og blitt skikkeleg solbrent, seier Stefansen.

Ikkje åleine

Å gå på smellar er ho ikkje åleine om. På Ellipse Klinikken i Stavanger merkar Kathrine Rein at fleire og fleire kjem til behandling for solskader.

– Pigmentflekkar og sprengte blodkar i kinn og naseområdet er klassiske teikn på solskader, forklarer Rein.

Og klinikken ser mykje av denne typar skader.

– Mange kundar tar kontakt for ein generell hudkonsultasjon. Ofte er dei ikkje klar over at det er solskader det er snakk om, seier Rein.

(Saka held fram under bilete)

Solbrent i tropesol

STERK SOL: I sørlegare strøk bør ein bruka faktor 30-50 i sola.

Foto: Privat

Stor pågang

Fleire hudpleieklinikkar i fylket seier at pågangen er stor av folk som vil bli kvitt for eksempel pigmentflekkar i ansiktet. Lysbehandling, som laserlys, ulike kremar og kjemisk peeling er nokon av behandlingsmetodane. Elin Reilstad på Avea-klinikken er ikkje i tvil om kvifor skadane kjem.

– Folk har brukt for lite solkrem. I tillegg er det mange som har brukt sololje, vaselin og sølvpapir i ungdomen, seier Reilstad.

Aukar mest

Men det er ikkje berre sølvpapirgenerasjonen som merkar skader i huda. Yngre folk, gjerne gjengangarane i solstudio, kan òg få skader. Seksjonsoverlege ved hudavdelinga ved Stavanger Universitetssjukehus, Bjarte Steinkjer, jobbar mykje med solskader.

– Solskader er det som aukar mest innanfor hudfaget, seier han.

Rynker og pigmentflekkar er ikkje farleg meiner han, men han forstår at mange vil gjera noko med det når moglegheita er der.

Solkremer

TJUKT LAG: Solkremen må smørast tjukt på for å oppnå faktoren som står på tuben

Foto: Grønn Hverdag

– Eg synst rynker og pigmentflekkar er ein naturleg del av aldringa, seier Steinkjer.

Unngå kreft

Det legen er meir bekymra for, er dei gongene skadane utviklar seg til hudkreft. Derfor er det berre ein ting som gjeld, nemleg solkrem. Minst faktor 15, helst faktor 30.

– Men du må smøra veldig tjukt på for å oppnå den faktoren som står på tuben, seier han.

Mange meiner nok at draumen om brunfarge forsvinner opp i røyk med så høg solfaktor, men Steinkjer er ikkje i tvil.

– Det er det me tilrår, og det er eigentleg ikkje mykje. Skal du til syden bør du alltid opp i faktor 30-50, og har du allereie byrja å få solskader er det faktor 50 som gjelder, seier Steinkjer.

Har lært

Og nokon har lært. Marit Stefansen har akkurat sola seg, med solfaktor, i solarium.

– Eg er redd for rynker, og eg har hatt episodar der eg har fått solskader på auga faktisk, så det er eg og litt obs på, avsluttar Stefansen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.