Ingrid Årstad sykla heile rittet med brudekjole og slør over hjelmen. Det var det som måtte til for å få sambuaren hennar til å gifta seg med ho.
Ho stiller gjerne opp i rittet neste år også, men då i ein litt meir aerodynamisk mundur.
Det gjekk ikkje smertefritt føre seg for alle.
Janove Ottesen tar det kuli i løypa.
Janove Ottesen på storskjerm i målområdet.
God stemmning i startområdet.
Flyktningehjelpen var kledd i oransje.
...og oppmøte var bra.
Dei fleste gjekk av sykkelen på brua over munninga til Hå-elva.
Syklistane ligg som ein lang orm på veg mot Hå Gamle Prestegard på Obrestad.
Dei mange saftstasjonane i løypa var svært populære.
Himmelen var stort sett blå under heile rittet.
I målområde var det mange kjende fjes.
Kjersti Grini og Jon Almaas. Grini sykla ikkje på grunn av dårlege kne.
Medaljeutdeling i målområdet.
Snart i mål.
Mens dei ventar på at elitegutta skal koma over målstreken.
Fulle sitjetribunar ved mållinja inne i Vågen i Sandnes.
Det blei sett rekordtid under årets ritt. Roy Hegreberg fullførde på 2 timar og 36 minutt.
Her feirer Hegreberg saman med nummer to i eliten, Johan Fredrik Ziesler.
Sliten etter ni mil på sykkel.
Mange blei nok tatt av krampa. Denne karen mått strekkja ho ut i målområdet.
Nokon fekk seg ein massasje etter å ha kome i mål.