Hopp til innhold

– Det blir kjekkare og kjekkare å spela i dette bandet

For tre år sidan gjorde det store 90-talsbandet The September When comeback. Nå snakkar bandet, med Morten Abel i spissen, om ny plateutgjeving neste vår.

Av dei fire platene Stavanger-bandet The September When gav ut på slutten av 80-talet og utover 90-talet hamna heile tre av dei på toppen av VG-lista.

Nytt materiale

Det var med andre ord ingen kven som helst i den norske popverda som gjorde comeback sommaren 2008 og kom ut med ei heilt fersk plate. Likevel har det stilna litt rundt bandet sidan den tid, men nå er dei klare for å setja inn ein ny støyt:

– Målet er å spela fleire konsertar i sommar, laga ny musikk i haust, spela inn i vinter og sleppa ei heilt ny plate til våren, seier vokalist i bandet Morten Abel.

Abel seier at bandet han var med på å starta i 1987 aldri har vore flinkare enn dei nå er:

– Det blir berre kjekkare og kjekkare og spela i bandet og me har ein svært god spirit.

– På grininga

Det er gitarist Morten Mølster einig i. Han minnes framleis godt combacket-konserten dei hadde i utandørs i Stavanger i 2008 kor heile sentrum var stappfullt av publikum:

– Det var nesten til å koma på grininga av. Eg tenkte «Wow! Er det mogleg!», seier Mølster.

Han ser ikkje vekk frå at det kan bli meir grining i sommar når dei skal ha nok ein gratis utekonsert i Stavanger. Denne gongen er det Statoil som står bak arrangementet, og gir konserten som ei gåve til folk i Stavanger.

The September When på Spellemannspris - fotografert i 1994.

The September When på Spellemannspris - fotografert i 1994.

Foto: Richardsen, Tor / Scanpix

Store på 90-talet

Men det er ikkje berre folk frå Stavanger som har eit forhold til The September When. Den første plata til bandet blei gitt ut september 1989 til lunka mottaking, det var 90-talet som skulle bringa inn frukter for bandet.

I 1991 blei albumet Mother I've been Kissed ut, ei plate som gav bandet førstesida til det norske musikkbladet Beat, og terningkast seks i både VG og Dagbladet. Plata blei nummer ein på VG-lista, og singelen «Bullet me» blei årets russe-låt.

Dei to neste utgjevingane One Eye Open (1993) og HuggerMugger (1994) toppa også VG-lista og førte til at gruppa fekk spellemannspris. Men i 1996 var bandet ferdig.

Alle i September When er aktive musikarar som har haldt på kvar med sitt, men når dei står samla 15 år seinare er det framleis med same gamle sounden.

– Me brukar mykje tid på å finna tilbake til The September When sounden når me lagar nytt materiale, og det høyres til dømes heilt annleis ut enn mitt soloprosjekt, seier Abel.

Musikkvideo - Can I Trust You

Bandet laga video til låta «Can I Trust You» i samarbeid med Frelsesarmeen og TV Norge, og med Erik Poppe som regissør:

Bandet laga video til låta «Can I Trust You» i samarbeid med Frelsesarmeen og TV Norge, og med Erik Poppe som regissør.

Fleire artistar til Bjerksted

Abel seier at dei ikkje har store ambisjonar, men at dei ønskjer å halda bandet interessant og at dei kjem ut med nytt materiale når dei kjenner at det er riktig.

Laurdag 18. juni kl 14.00 spelar dei gratis på Bjerksted i Stavanger under arrangementet «Til byen fra Statoil».

Andre artistar som skal spela er Ingrid Olava med band og Stavanger Symfoniorkester, The September When, Sirius (Kristian Rønning) og Eva & The Heartmaker.