Hopp til innhold

Hylla med Kringkastingsprisen 2010

– John Skien er ein del av ryggraden i det norske fjernsynet, i følgje juryen.

Kringkasterprisen John Skien

Her har John Skien fått Kringkastingsprisen 2010 av Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen.

Foto: Ragnar Christensen / NRK

NRK-nestor John Skien fekk i dag Kringkastingsprisen 2010. Utdelinga skjedde på Det Norske Teatret klokka 11.00.

John Skien

John Skien har vore programleiar i Norge Rundt i mange år.

Foto: NRK

– John Skien er ein del av ryggraden for nynorsk i fjernsynet, og han har gjort eit særs viktig arbeid i Norge Rundt, der han både har rekorden i talet på gongar han har vore programleiar (fire) og talet på innslag han har laga (170). Det er ei glede å dela ut Kringkastingsprisen til han, seier Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen.

Skien (f. 1944) er oppvaksen i Ølen, og er programleiar og journalist i NRK, der han vore fast tilsett sidan 1975. For mange er han nok mest kjend frå Norge Rundt, men han har òg vore tilsett i Sporten og har no tilhald i NRK Rogaland.

– Surrealistisk

– Eg har jo visst det ei stund no, men det var litt surrealistisk då eg fekk vita at dei hadde tenkt på meg. Eg hadde jo ikkje trudd dette. Ein slik pris skal jo ha ei nasjonal grunngjeving, og eg går jo rundt i NRK Rogaland og putler med mitt, seier Skien.

Skien har vore programleiar i Norge Rundt i fire ulike sesongar, og laga til saman 170 innslag til programmet.

– Eg har gjort litt i Norge Rundt i løpet av åra. Juryen sa at dei hadde samla opp fleire inntrykk i løpet av åra, og nå syns dei det var på tide at prisen gjekk til meg, seier han.

Utmerkar seg med godt språk

Nytt tv-studio i NRK Rogaland

Skien i nytt studio i NRK Rogaland.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Kringkastingsprisen blir delt ut til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978. Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

Frå NRK kjem Ragnar Christensen, distrikstredaktør i NRK Rogaland og Dagmar Blåsvær, redaksjonsleiar i Norge Rundt, for å helsa prisvinnaren.

John Skien og Samina Bruket

John Skien og Samina Bruket.

Foto: NRK / NRK

Grunngjeving frå juryen

John Skien, journalist og programleiar i NRK, er fødd i Stavanger i 1944, og oppvaksen i Stavanger og Ølen.

Etter fyrst å ha vore lærar og frilansa nokre år for NRK, vart han fast tilsett i 1975. Han har no tilhald i NRK Rogaland. Han har mellom anna òg arbeidd i Oslo for sportsredaksjonen eit år.

Han er likevel fyrst og fremst kjend som journalist og programleiar i Norge Rundt, der han har vore programleiar i fire omgangar og produsert over 170 innslag, begge delar rekord.

Kringkastingsprisen skal gå til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

Prisvinnaren i år har vore ei solid og trygg nynorskrøyst i eitt av dei mest populære programma i fjernsynet. Norge Rundt har vore representanten for ‘kvarmannsen’ i rikskringkastinga, og synt fram heile det mangfaldige, rare og rike landet vårt.

John Skien har gjort dette med ein god, trygg og musikalsk nynorsk med klang frå Sør-Vestlandet. Juryen er glade for at Skien i alle desse åra har vore ein del av ryggraden for nynorsk i fjernsynet, og det er ei glede å gje han Kringkastingsprisen for 2010.

John Skien er programleder på NRK Rogaland kl 18:40

John Skien er programleder på NRK Rogaland.

Foto: NRK

Tidlegare prisvinnarar:

2009 Yasmin Syed
2008 Trude Teige
2007 Ingerid Stenvold
2006 Harald Bøe
2005 Are Kalvø
2004 Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
2003 Arne Hjeltnes
2002 Gry Molvær
2001 Egil Johan Ree
2000 Siri Lill Mannes
1999 Ingolf Håkon Teigene
1998 Ingvild Bryn
1997 Bjørn Bø
1996 Astrid Versto
1995 Kari Sørbø
1994 Ragnhild Sælthun Fjørtoft
1993 Oddgeir Bruaset
1992 Astrid Brekken
1991 Martin Lohne
1990 Per Riste
1989 Nils Gunnar Lie
1988 Sigvart Østrem
1987 Gunvor Hals
1986 Ingrid Espelid Hovig
1985 Svanhild Mundheim
1984 Steinar Brauteset
1983 Andreas Lunnan og Gustav Moberg
1982 Herbjørn Sørebø
1981 Olga Meyer
1980 Rolf Myklebust
1979 Henning Rivedal
1978 Hartvig Kiran og Arthur Klæbo