Hopp til innhold

– Det blir berre tørrare og tørrare

I går fekk brannvesenet i Rogaland og Hedmark to skogbrannar under kontroll der utfallet kunne blitt langt styggare. Med svært tørt vêr i delar av landet fryktar brannvesenet nå korleis det går neste gong det bryt ut brann.

Skogbrann Vikebygd

- Me har vore veldig, veldig heldige sa befalvakt Geir Tofte på Vindafjord brannstasjon etter dei ungjekk ein storbrann på Vikebygd onsdag.

Foto: Tor André Johannesen

– Det er svært viktig at folk brukar folkevit og er forsiktige i desse dagar når brannfaren er så stor som den er, seier 110-operatør i Brannvesenet Nord-Rogaland, Kjetil Gjerde.

For det er lite som skal til. Politiet sin teori om brannen som braut ut i Vindafjord onsdag ettermiddag er at ei varm sag skal ha sett fyr på graset.

Her er skogbrannfaren nå størst:

Her er skogbrannfaren størst skjærtorsdag

Hedmark

 

Hamar

Stor fare

Buskerud

 

Ringeriket

Stor fare

Flå

Stor fare

Nes

Stor fare

Drammen

Stor fare

Kongsberg

Stor fare

Rollag

Stor fare

Telemark

 

Sauherad

Meget stor fare

Nissedal

Stor fare

Aust Agder

 

Åmli

Meget stor fare

Grimstad

Stor fare

Bygland

Stor fare

Vest Agder

 

Kristiansand

Stor fare

Mandal

Stor fare

Audnedal

Stor fare

Rogaland

 

Stavanger

Stor Fare

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde yr.no.

Full og oppdatert oversikt får du på YR.

– Fleire brannar

– Det føregjekk kapping av tre for å klargjera terreng i samanheng med hjortejakta, ei sag skal ha blitt så varm at den kan ha sett i gang skogbrannen på Vikebygd, opplyser jourhavande ved Haugaland og Sunhordland politidistrikt.

Brannvesenet fekk heldigvis med god hjelp frå naboar kontroll på brannen før den fekk spreidd seg skikkeleg.

– Me har dei siste to vekene hatt fleire brannar i gras, lyng og skog. Heldigvis er det framleis litt fuktig om nettene slik at brannane ikkje spreiar seg så raskt, men nå blir det berre tørrare og tørrare, seier Gjerde.

I i Eidskog i Hedmark blei det vanskelegare å få kontroll på brannen, der blei heile 200 mål skog råka av flammane.

Brannvesenet klarte likevel å unngå at brannen spreidde seg til storskogen, noko det lenge var fare for.

– Sjeldan så stor skogbrannfare så tidleg

Meteorologisk Institutt reknar ut skogbrannfaren for 100 stader i Norge. Tabellen deira viser at det er stor skogbrannfare fleire stader i landet.

– Det er sjeldan at skogbrannfaren er så stor, så tidleg, seier Per Døviken i brannvesenet i Drammensregionen.

– Me ber folk om å vera obs nå framover i påsken. Det vil sei at dei må vera forsiktige når dei er i utmarka. Det er viktig å ta forholdsreglar når det gjeld bruk av grill, mellom anna.

– Neste gong det byrjar å brenne kan det henda at brannen spreiar seg for fort for oss på grunn av det tørre vêret, då kan utfallet bli mykje verre, seier Kjetil Gjerde i Brannvesenet Nord-Rogaland.