Hopp til innhold

– Eg slutta heilt å eta

Då Trygve Gjæver Pedersen var 43 år gammel tok livet hans ei vending. Sjølv om han visste det var livsfarleg blei han overfokusert på trening og slutta å eta. Han er langt frå aleine, men i Norge har me ingen oversikt over kor mange som delar den same skjebnen.

Trygve Gjæver Pedersen

Råka av anoreksi vog Trygve Gjæver Pedersen 39 kilo.

Foto: Privat

Trygve Gjæver Pedersen

Trygve Gjæver Pedersen (54) er nå friskmeld for anoreksi. Men meiner at dette problemet hos menn ikkje blir teke alvorleg nok.

Foto: Erik Waage / NRK

– Det byrja for omlag ti år sidan. Eg blei meir og meir fokusert på å trena, noko eg alltid har vore fokusert på, men plutseleg tok det overhand, seier Trygve Gjæver Pedersen.

Han ser til bake på ei tid han minnast med skrekk og gru.

– Eg slutta heilt å eta. Sjølv om eg visste at det var livsfarleg fann eg alltid orsakingar for å gjera noko anna enn å eta. I dag ser eg på det som om eg var to personar. Ein som såg kor gale eg styrte kroppen min, medan det var ein annan person som sa at eg ikkje skulle eta, seier han.

Fire-dobling

På det verste vog Trygve Gjæver Pedersen 39 kilo, han hadde anoreksi men er nå frisk. Han fekk hjelp hos Senter for spiseforstyrrelser i Stavanger.

Her registrerar dei at det er fleire og fleire menn som treng hjelp i liknande situasjonar.

– Talet på menn som tar kontakt med oss har nærmast fire-dobla seg dei to siste åra, seier Tone Anita Østrådt, Daglig leiar på Senter for spiseforstyrrelser.

Helsedirektoratet har likevel ingen nasjonal statistikk over kor mange menn som tar kontakt for å få hjelp med slankesjuke. Det same gjeld Folkehelseinstituttet. Ingen veit derfor med sikkerheit kor stort problemet eigentleg er.

Dette uroar Østrådt:

– Viss det hadde vore konkrete tal på dette hadde det blitt ein heilt annan bevisstheit rundt dette, og eg tenker at fleire hadde blitt fanga opp i helsevesenet, seier ho.

Trygve Gjæver Pedersen

– Sjølv om eg kom heim seint på kvelden måtte eg trena. Då trente eg om natta sjølv om eg skulle tidleg opp på jobb seier Trygve Gjæver Pedersen. Her frå tida han hadde anoreksi.

Foto: Privat

Også Gjæver Pedersen meiner at dette burde vore på plass:

– Det er tragisk at det ikkje har kome på banen allereie, det er alt for mange som ikkje får hjelp i tide, seier han.

– Komplisert arbeid

Bent Horpestad, leiar for Enhet for spiseforstyrrelser, seier at det er eit komplisert arbeid med denne type statistikk, og at det er derfor det ikkje er på plass:

– Det er ein streng jobb som må gjerast for å for vera sikre på at dei data me får inn samsvarar med røynda, og at det ikkje berre er eit uttrykk for frustrerte personar som søkjer hjelp fleire ulike stader samstundes, seier Horpestad.

Trygve Gjæver Pedersen veit frå eiga erfaring kor vanskeleg det er å gå til legen sin å seia at du har eit eteproblem. Derfor trur han at det finnes store mørketal:

– Det handlar om sorg og skam og det kjennes som om du gjer slepp på din eigen maskulinitet, seier mannen som nå er friskmeld for anoreksi.

– Sov ikkje på fleire veker

Han meiner at problemet ikkje blir teke alvorleg nok i Norge, noko som syner igjen ved at det ikkje blir ført statistikk på området. Sjølv veit han korleis anoreksi kan tæra på kroppen.

– På det verste sov eg ikkje på fleire veker. Eg låg vaken medan kroppen min dirra. Dei dagane eg ikkje var på jobb låg eg berre i fosterstilling, seier han.

Han ønskjer nå at folk som har det slik han har hatt det kan få den best moglege hjelpa.