Hopp til innhold

Dokumentarfilm av Kilimanjaro-tur

Cecilie Skog er kjend for sine polekspedisjonar og klatreturar på verdas høgste fjell. Nå har det blitt dokumentarfilm av då ho sette kursen mot Kilimanjaro saman med sine søstrer og veninner.

Tom Edvindsen

Regissør, produsent, fotograf og klippar Tom Edvindsen med fullt utstyr høgt oppe i fjellheimen.

Foto: Karine Næss Frafjord

Turane Cecilie Skog reiser på er turar mange knyttar til ei mannsdominert verd. Men Cecilie har lenge ønska å dela turopplevelsane sine med søstrer og veninner.

Ein prøvelse

Derfor samla ho ein gjeng på ni jenter og sette kursen mot verdas høgste frittståande fjell Kilimanjaro.

Turen blei ein prøvelse for alle som var med, på godt og vondt. Med seg hadde dei Tom Edvindsen, som fanga alle dei dramatiske augeblikka som oppstod med kameralinsa si.

Nå er han ferdig med den eventyrlege dokumentarfilmen «Jenter til Kilimanjaro», som har førpremiere på SF Kino Stavanger laurdag. Neste søndag vil den bli vist på NRK 1.

Filmen er produsert av NRK Rogaland for Ut i Naturen, og distriktsredaktør Ragnar Christensen er svært nøgd med resultatet:

– Her har det blitt gjort eit fantastisk arbeid. Me er svært nøgde med resultatet og eg tykkjer det er ekstra kjekt å få visa filmen fram på kino, seier han.

Sjå traileren frå filmen:

Video Trailer på "Jenter til Kilimanjaro"

'Jenter til Kilimanjaro' blir vist på SF kino Stavanger 9. april kl. 17.00. Og på NRK 1 sundag 17. april.

Tynn luft

Turen byrjar i jungelen, så blir det brattare og brattare. Cecilie har valgt ei seks dagar lang rute mot toppen.

På denne måten får jentene tid til å akklimatisera seg, dei får flotte naturopplevingar, og det er større sjanse for å nå toppen.

Likevel blir nokre av jentene dårlege i lufta som berre blir tynnara og tynnare, og spørsmålet er om alle vil klara å nå målet?

Den siste lange natta mot Uhuru Peak blir ei stor påkjenning for dei alle.

Fakta om filmen:

Lengde 1t 9min. HD.
Regi,produsent,foto.klipp: Tom Edvindsen
Intervju, kommentar: Karine Næss Frafjord
Produsert av NRK Rogaland for Ut i Naturen.