Hopp til innhold

– Alle bør ha med seg lokalkjende

Området skal vere snilt, men uver kan gjere store endringar, seier Turistforeininga etter at tre personar er funne omkomne ved Taumevatn i Vest-Agder.

Området rundt Taumevatn

Området rundt Taumevasshytta skal vere snilt og godt merkt, men turistforeininga ser gjerne at utlendingar har med seg lokalkjende på tur.

Foto: Stavanger Turistforening

Torsdag føremiddag vart ein skiløpar funnen omkomen ved Taumevatn i Sirdal. Seinare vart to personar til funne omkomne i same området, og politiet fryktar fleire skal ligge døde under snøen .

Det er funne fire ryggsekkar i området, og ved vegen inn mot hytta står ein tyskregistrert bil parkert. Politiet trur dette er bilen til dei omkomne.

– Ta med guide

Merete Habberstad

Kommunikasjonssjef Merete Habberstad i Turistforeininga.

Foto: Julie Maske / Den Norske Turistforening

Kommunikasjonssjef Merete Habberstad i Turistforeininga har ikkje opplysningar om kva type folk som ferdast i området, men seier det generelt er mange utlendingar i fjellet, og at ein god del av desse er frå Tyskland.

– Vi ser at dei ofte både er godt utstyrte og at dei har god erfaring. Uansett oppfordrar vi alle utlendingar til å bli med i guida grupper, eller ha med seg kjentfolk når ein er på tur i fjellet om vinteren, seier Habberstad.

Godt sikra løyper

Ho har ikkje sjølv vore ved Taumevatn, som det tar omlag to timar å gå på ski til.

– Det er mange skuleklassar som brukar området. Derfor er vi veldig nøye på å sjekke usikre vatn, og å sikre mot ras. Løypene er også godt merkte, seier ho.

På nettsidene UT.no blir området omtalt som eit snilt terreng.

– Men her har veret veldig stor innverknad. Eg veit ikkje korleis veret har vore dei siste dagane, men snø og vind kan endre det som normalt er enkle forhold til ganske vanskeleg handterbart område, seier Habberstad.

Familievennleg

Taumvatn ligg i Aust-Agder, men turisthytta blir administert av Stavanger Turisforeining.

– Dette er ei djupt tragisk hending. Spesielt sidan dette er eit veldig mykje brukt område, som er både famileivennleg og snilt, seier dagleg leiar Kjell Helle Olsen.

Han fortel at området er populært fordi det har gode hytter, fint terreng og kort avstand mellom hyttene, og at området er spesielt laga for å unngå trusselen om ras og usikre vatn.

– Men det var veldig mykje ver i helga. Dei fleste fjellovergangane var stengde i området. Det viser berre at uansett kvar ein reiser på tur, må ein tilpasse seg tilhøva, seier han.

Leteaksjon etter at skiløpere ble funnet døde ved Taumevatn i Sirdal

Det vart sett i verk ein større leiteaksjon etter at ein person vart funnen omkomen ved Taumevatn torsdag føremiddag.

Foto: Jan Olav Ovedal

– Hugs fjellvettreglane

Helle Olsen fortel også at mange utlendingar blir lokka til området, nettopp på grunn av den norske villmarka. I tillegg til vanlege turistar, er det mange som jobbar i oljebransjen i Rogaland som brukar fjellet i fritida si.

– Vi gir ikkje andre råd til dei enn dei vi gir til alle andre. Vi prøver å lære opp folk, og informere. Det er ikkje tilfeldig at vi minner om fjellvettreglane .

– Men folk må også ta ansvar sjølve, seier han.

Ifølgje Helle Olsen kan det vere så mange som 1500 personar som skriv seg inn i hytteboka på Taumevasshytta kvar sesong. Det er også normalt at mange av desse går frå hytte til hytte mellom tre hytter i området.

No ventar Turistforeininga på å få vite kva som har skjedd, og om det er noko dei kan endre.

– Fram til vi får meir informasjon, må vi berre føle med dei som er råka, seier Helle Olsen.