Hopp til innhold

Nå blir farleg last nedprioritert fleire stader på Vestlandet

Fjord1 kjem til å prioritera bilar før farleg last i fleire ferjesamband på E39 på Vestlandet i rushperiodar.

Mortavika ferjekø

Fjord 1 har sett opp ei liste over avgangar der dei skal prioritera personbilar framfor farleg last.

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

Magnhild Meltveit Kleppa

Samferdselsministar Magnhild Meltveit Kleppa innførte den nye forskrifta om farleg last på passasjerferjene i sommar.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

I juli 2010 innførte Samferdselsdepartementet ei ny forskrift som gav kapteinane rett til å nekta farleg transport enkelte avgangar, dersom det fører til lange køar. Nå vil Fjord 1 testa ut ordninga.

  • Kva meiner du om at farleg last blir nedprioritert? Sei meininga di nedst i artikkelen.

Enkelte strekk

Transport av farleg last gjer at færre personbilar kan fraktast med ferjene, og har enkelte dagar ført til lange køar i ferjesamband på heile Vestlandet.

Ferjeselskapet Fjord 1 har tidlegare vore kritiske til at kapteinane sjølv skal vurdera kven som skal bli prioritert, dei har peika på at det då kan oppstå konfliktar på kaien.

Når dei nå sett i gang med prioriteringa er det på faste avgangar på enkelte strekk. Desse er det ferjeselskapet som har bestemt.

Prøveordning

Endringa blir innført som ei prøveordning og kjem til å gjelda frå 15. januar, og etter to månader skal ordninga bli evaluert.

Det er i rushtrafikken om morgonen og ettermiddagen farleg last må vika for persontransporten.

– Ferjene tek sjølvsagt med farleg last også i desse periodane, dersom det kan gjerast utan at det går ut over anna trafikk, skriv Fjord 1 i ei pressemelding.

– Kan leva med dette

Transportindustrien er heilt avhengig av E39 for å frakta denne type transport, og har tidlegare uttrykka at dei vil ha færrast mogleg restriksjonar på den viktige ferdsleåra.

Video Farlig last skaper køer

Nye prioriteringar frå Fjord 1 skal bidra til å redusera ferjekøar i rushtida på E39.

Foto: Nyhetsspiller

Etter at denne saka kom opp har Logistikk og transportindustriens landsforening sitt største ønskje vore at ei eventuell ordning der personbiltrafikk blir prioritert skal vera føreseieleg.

– Slik dette forslaget nå er kan me leva med det, men me håper sjølvsagt på at Fjord 1 tar oss med på råd når ordninga skal bli evaluert, seier Jan Håvard Hatteland, leiar i LTL.

Han seier at dei likevel meiner at det bør vera nok å ha restriksjonar i helgene.

– Men når me veit kor tid me blir nedprioriterte er det iallfall lettare å planleggja, seier han

Her vil farleg last bli nedprioritert:

Molde – Vestnes:
07.30 – 10.00, måndag–fredag
15.00 – 17.00, måndag–fredag
18.00 – 21.00, søndag

Lavik – Oppedal
15.30 – 18.30, måndag–fredag
17.00 – 22.00, søndag

Lote – Anda
06.30 – 08.00, måndag–fredag
15.00 – 18.00, måndag–fredag og søndag

Arsvågen – Mortavika
06.30 – 09.00, måndag–fredag
15.00 – 18.00, måndag–torsdag
15.00 – 20.00, fredag og søndag

Halhjem – Sandvikvåg
06.30 – 09.00, måndag–fredag
15.00 – 18.00, måndag–torsdag
15.00 – 20.00, fredag og søndag