Hopp til innhold

Ho kan bli arvtakaren til Inger Lise Hansen

Det skal ha kome signal frå fleire fylkeskontor rundt om i landet at dei vil ha Olaug Bollestad som nestleiar i Kristeleg Folkeparti. Rogaland KrF har allereie gått inn for Bollestad som nummer to etter Knut Arild Hareide.

Video Vil ha Bollestad som nestleder

Olaug Bollestad kan bli den neste nestleiaren i KrF.

– Me veit ikkje kva alle har sendt inn, men det me veit er at to store lag på vestlandet og eitt på austlandet har gått inn for Bollestad som første eller andre nestleiar, seier Tone Tvedt Nybø, nestleiar i Rogaland KrF.

I dag blei det klart at KrF sine fylkeslag vil vraka Inger Lise Hansen frå partileiinga.

Olaug Bollestad er nå ordførar i Gjesdal kommune i Rogaland og partileiar i Rogaland KrF.

Ho er svært positiv til å bli Knut Arild Hareide si høgre hand:

– Me må ha ei leiing som går i spann og snakkar saman. Eg er kjend for å vera ein lagbyggar, så viss partiet kan bruka meg som det så skal eg vera med, seier Bollestad.

Tone Tvedt Nybø meiner at Inger Lise Hansen ikkje står for det same som Hareide og at dei derfor framstår som sprikande. Ho meiner at Bollestad og Hareide er meir samkøyrde.

Inger Lise Hansen

Inger Lise Hansen: Fylkesleiar i Oslo KrF seier at skepsisen til Hansen grunnar i at ho har hatt gjentekne soloutspel som har vore skadelege for KrF.

Foto: Trond Vestre / NRK