Hopp til innhold

Mister kontrollen med kredittkort

Ei undersøking utført av NRK viser at fleire rogalendingar har over ein million kroner i kredittkortgjeld. Mange har opp imot ti kredittkort.

Kredittkort nærbilde

Kredittkort kan føra til milliongjeld.

Foto: Scanstockfoto

– Det verste høve eg har sett var ein som hadde 1,3 millionar kroner i kredittkortgjeld, seier gjeldsrådgjevar i Sandnes, Evi Ann Øye.

Ho kan fortelja om fleire grove døme der folk skylder 600 - 700 tusen. Ei gjeld folk slit med i årevis.

  • Kva meiner du om å ha fleire kredittkort? Sei meininga di nedst i artikkelen.

Mange i Rogaland

Det er ein ringerunde NRK har gjort til gjeldsrådgivarar i dei fire største byane i fylket, som viser at dette er eit problem som gjeld for mange her i fylket.

Omlag 700 personar slit med gjeld på meir enn 20 millionar til saman.

Fleire har opp imot ti kredittkort, mister kontrollen og får store økonomiske problem.

– Mine klientar er stort sett menn, dei har mykje kredittkortgjeld på grunn av ein vanskeleg situasjon dei har hamna i. Ofte ser dei ikkje på rentesatsen, og den dagen dei ikkje klarar å betala avdraget, så smell kredittkortselskapa til, seier Irene Randen, gjelsrådgjevar i Egersund.

Kvitteringer

I Egersund, Sandnes, Stavanger og Haugesund skylder folk meir enn 20 millionar kroner.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

– Lettlurte

Karsten Line er gjeldsrådgjevar i Stavanger, han meiner at me er for lettlurte når det kjem til kredittkort:

– Det verkar veldig enkelt når reklamen seier betal «200 kroner i månaden» og du kan låna 50 000 kroner. Då er det mange som reiser til el-butikkar og kjøper seg ny flatskjer og pc.

I slike reklamekampanjar er 200 kroner berre minstebeløpet i realiteten må ein betala mykje meir. Det vil sei at ein må betala rentene, og ned på dei 50 000 kronene.

– Når ein så slit med å betala er det lett å få seg eitt kort til, og eitt kort til, så klappar det til slutt saman.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.