Hopp til innhold

Spår skyhøge rekeprisar

Kiloprisen på reker kan komma opp mot 250 kroner i sommar.

Marte Storvik hos Fjordfisk på Hvaler gjør klar en pose med ferske reker.

Rekeprisane i Norge kan bli skyhøge i sommar. Her gjer Marte Storvik hos Fjordfisk på Hvaler klar ein pose med ferske reker i fjor sommar.

Foto: Espen Evensen / NRK

Det kan bli dyrt å arrangera rekefest i sommar. For fiskarane får knapt tak i reker i fjordane. Det gjer at prisane truleg stig mot nye høgder.

- I Rogaland trur eg prisane kjem til å stiga til mellom 150 til 200 kroner kiloen, seier Tor Bernhard Harestad i Rennesøy Fisk & Skalldyrmottak.

Les også: Nå blir det dyrt å kjøpe reker

- Rekekrise

Tor Bernhard Harestad

Tor Bernhard Harestad i Rennesøy Fisk & Skalldyrmottak.

Foto: Frp

På Austlandet er det venta ein kilopris på heile 250 kroner.

- Det er liten tvil om at det er rekekrise i sommar. Det er så lite å få tak i at det nesten ikkje er vits å prøva å fiska ein gong, seier Harestad.

Manglar fleire tonn

Men etterspurnaden etter sjødelikatessa er det ikkje noko å seia på. Harestad manglar fleire tonn med reker kvar einaste helg nå i sommar.

- I år har det vore ekstreme forhold. Mykje maneter i sjøen og sterk nordavind har gjort forholda for rekefiske dårlege.

Men sjølv om rekene nå kostar over ei krone per stykk, lar ikkje folk seg skrema bort frå rekehandlarane, ifølge Harestad.

- Det er alltid nokre som klagar, men dei som vil verkeleg vil ha tak i denne maten bryr seg ikkje

Les også: Lite ferske reker å få tak i

Fiskemottak, reker

Det er mindre reker på rekemottaka.

Foto: Tobias Sakrisvold Martinsen / NRK

KVA MEINER DU OM REKEPRISANE?