Hopp til innhold

Har trengt helikopter ni gonger

Etter eitt, og eitt halvt, døgn med flystopp, har Hovedredningssentralen Sør-Norge, hatt bruk for helikopter ni gonger.

(Arkivbilde, NRK)

All flytrafikk er stansa etter vulkanutbrotet på Island. (Arkivbilde)

Foto: NRK

Dei fire redningshelikopterne i Sør-Noreg på Rygge, Sola, Florø og Ørlandet har ikkje blitt nytta på eitt, og eitt halvt, døgn.

Likevel, har det vore situasjonar, så alvorlige, at helikoptera normalt ville blitt tekne i bruk.

I desse fem situasjonane ville Hovedredningssentralen Sør-Norge normalt brukt helikopter:

  • Ein fiskebåt med tre mann spring lekk nord av Ørlandet i Trøndelag, båten held på å søkkje.
  • Akutt hjartesjukdom ombord på eit fartøy i Nordsjøen.
  • Trafikkulukke i Surnadal.
  • Ein drivande seilbåt ved Aukra, nordvest av Ålesund.
  • Mistanke om kantra seglbåt i Trondheimsfjorden.
  • Fallulukke i Halden fredag.
  • Sjuk oljearbeidar på Njord-feltet.
  • Snekke med tre personar ombord i ferd med å synke i Sandefjorden.
  • Person med hjerteproblem på Kiel-ferja "Color Fantasy".

Redningstenesta måtte i desse situasjonane setja sin lit til ambulansar på land, og redningsskøyter og andre fartøy på sjøen.

- Heldigvis gjekk det godt i alle desse hendingane, sjølv om me ikkje hadde helikopter, seier redningsleiar Owe Frøland.

Mest dramatisk

Midnatt, natt til fredag, fann den mest alvorlige hendinga stad i Trøndelag.

Hovedredningssentralen blir varsla om at ein båt med tre menn ombord har sprunge lekk, og er i ferd med å søkkje.

- På grunn av rask respondanse frå båtar i nærleiken av denne hendinga, ville me berre ha spart 10 minutt på å ha helikopter, seier Frøland.

Han legg til at om det ikkje hadde vore båtar i nærleiken hadde dette vore kritisk.

Største sakn på sjøen

Det er på sjøen helikoptertenesta nå er sakna mest.

- Det vil ta tid for andre fartøy å nå ut til ein havarist, og det kan vera farlig under gitte forhold, seier Frøland.

Om det skulle oppstå situasjonar som er særs dramatiske kan det setjast inn helikopter. Det må vurderast frå hending til hending, og tryggleiken til mannskapet i helikoptera må tas med i veginga.