Hopp til innhold

Sauekatastrofe

Omlag 100 av 150 sauebesetningar i Rennesøy i Rogaland er truleg smitta av den farlege sauesjukdommen fotråte.

Sauer

Sauenæringa i Rennesøy er i krise

Foto: Knut Reitan / NRK

Seniorinspektør Erling Bleie i Mattilsynet, karakteriserer situasjonen for sauenæringa i Rennesøy kommune, som bortimot katastrofal.

Dei fleste sauene på Rennesøy er nå undersøkte for sjukdommen. I over halvparten av besetningane, det vil seie nærare 100 av 150, er det gjort mistenkelige funn, seier Bleie til Stavanger Aftenblad.

Nedslakting

Dei sauene som er alvorlegast råka, må slaktast. Dei andre må gjennom medisinering eller fotbad for å bli friske igjen. Sjukdommen er så smittsam, at det kan gå opptil eit år før sauehaldet kan venda tilbake til det normale, seier Bleie.

Rennesøy er spesiell

Det som skil Rennesøy frå dei fleste andre stadene med mykje sauer, er at sauene ikkje blir frakta til fjellbeite om sommaren. I tillegg går dei ute store deler av året, og går då og trakkar i same søla. Dette gjer at fotråtesmitten har spesielt gode sjansar tiil å spreie seg.

Alvorlege konsekvensar

Fotråten er dramatisk for enkelte av sauebøndene på Rennesøy. - Nå må dei gjennom ein tidkrevande saneringsprosess, seier Bleie. Det betyr at kvart bruk kjem tiil å ha færre dyr ein periode og då i neste omgang færre lam. Slik kjem det til å vera minst eitt år framover, seier Bleie.

I dei saueflokkane som har smitten, blir flokken delt i tre delar. Dei som er hardast råka blir sendt til slakt. Den neste gruppa blir behandla med medisiner, medan den siste og største gruppa må gjennom eit vaskeprogram. Der blir beina desinfiserte og det må gjerast tre gonger, forklarar seniorinspektør i Mattilsynet, Erling Bleie

Flere nyheter fra Rogaland