Fire bedrifter går inn med nærare fire millionar kroner til planlegginga av nytt stadion i Haugesund. Stadionet skal byggast etter same lest som Viking stadion.
- Det var kjempeviktig å få desse pengane på plass slik at vi kan jobbe for fullt også etter påske, seier prosjektleiar for nye Haugesund stadion, Odd Erik Salvesen.
Klar for politisk behandling i haust
Målsettinga er å ha på plass eit skikkeleg forprosjekt på seinhausten. Då skal også ein finanseringsplan vere klar til politisk behandling.
Dei fire bedriftene som har gått inn med pengar er Sparebanken Vest, Coop Haugaland, Kruse Smith og Holgersens videregående skole.
- Nå får vi for første gong sjansen til å arbeide med dette i detalj, seier Salvesen. Uansett er det ein del store nøtter som skal knekkast, men vi beveger oss i allefall i rett retning, seier Salvesen.
Eksisterande Haugesund stadion
Som Viking stadion
Prosjektgruppa skal no få utarbeidd eit grunnlag for ein finansieringsplan. Det heile skal gjerast etter modell frå Viking stadion.
- Vi vil følge same prosess, det er heilt klart at dei gjekk opp ei løype, seier Salvesen.
Veldromkonseptet som Viking stadion er bygd etter gir ei veldig fin atmosfære og det er ei liknande form prosjektgruppa arbeider etter.
- Forhåpentlegvis glir eit slikt stadion fint inn på Flotmyr, i ein litt urban bydel, seier prosjektleiaren for nye Haugesund stadion.