21.03.2010

Ny fosterheim

Strand

Fosterforeldrene hadde med fosterbarna på badeferie i Tyrkia

Drakampen om  to norsk-tyrkiske gutar, under barnevernet i Stavanger si omsorg,  er foreløpig over.  Ein ny fosterfamilie blei løysinga.

 Drakampen mellom dei biologiske foreldra frå Tyrkia og den norske fosterfamilien kan nå vera ført til endes.

Dei norsk/tyrkiske gutane

* Norske fosterforeldre hadde med to norsk/tyrkiske barn på ferie i Tyrkia våren 2006.

* Dei biologiske foreldra, faren frå Tyrkia og mora frå Iran,  fekk ein tyrkisk rett til å forby at fosterforeldra kunne ta med barna ut av landet.

* Barna blei smugla ut av Tyrkia og kom tilbake til fosterforeldra i Stavanger.

* Deretter har dei biologiske foreldra og fosterforeldra kjempa om retten til å ha ungane hos seg.

* Kampen har foregått både i tyrkiske og norske rettsalar.

 

På eit møte mellom Stavanger kommune og det tyrkisk/muslimske miljøet i går, blei det enighet om at gutane skal flyttast til ein ny fosterheim.

 

Det seier advokaten til dei biologiske foreldra, Arnhild Skretting.

Bakgrunnen for det som nå har skjedd er ein sakkyndig vurdering som konkluderer med at: barna skal til ein ny fosterheim.

-  Så nå ser det ut som saken endeleg er løyst, seier Skretting.

Møte utan advokatar

Torsdag blei det gjennomført eit møte mellom Stavanger kommune og det tyrkisk/muslimske miljøet.  Der kom partane til enighet om eit opplegg som både skal sikre ungane kontakt med det tyrkisk/muslimske miljøet og samstundes sikra dei trygge oppvekstvilkår.

Advokat Arnhild Skretting (Foto:Rolf Marnburg/NRK)

Advokat Arnhild Skretting, som representerer dei biologiske foreldra

Foto:Rolf Marnburg/NRK

- Det var eit møte heilt utan advokatar til stades, seier advokat Skretting.

 

Til tante og onkel etterkvart

Resultatet er at brørne ikkje skal sendast tilbake til Tyrkia, sjølv om både foreldra og ein tyrkisk domstol har kravd det. 

I ein mellomfase blir dei sendt til ein ny fosterheim i Norge.  Der skal ungane få ein gradvis tilnærming til dei biologiske foreldra. 

Deretter skal brørne flytte til tante og onkel i Norge.

Siste: NRK Rogaland