Hopp til innhold

Stor erstatningsforskjell

Det er store nasjonale forskjellar når det gjeld erstatningsbeløp til tidlegare barnevernsbarn.  I sør kan dei få over 700 000. I nord,  ikkje ei krone.

Kai Stene

Kai Stene, leiar for Prosjekt Oppreisning

Foto: Siri Bjelland Berven / NRK

Det nye nasjonale kompetansesenteret for barnevernsbarn i Stavanger, tar sikte på å gjera noko med denne forskjellen. 

Det seier prosjektleiar Kai Stene, i det som blir kalla for Prosjekt Oppreisning.

 

Fleire rapportar slår fast at mange barn som budde på Norske barneheimar frå 1954 til 1993 blei utsett for både omsorgsvikt og overgrep.

Tryggheim barnehjem i Stavanger

Tryggheim barnehjem i Stavanger. Fleire ungar som budde der, har fått erstatning frå Stavanger kommune

Foto: Rolf Marnburg / NRK

I Rogaland får alle som opplevde overgrep erstatning. Men i dei tre nordlegaste fylka i landet, får dei ikkje ei krone.

Yngve Brox-Guldsbjørnsen fra Alta er ein av dei som har opplevd det.

- Alta kommune har kategorisk avvist å betala erstatning til tidlegare barneheimsbarn.  Kommunen hadde ikkje råd til å følge oss opp då me var små, og dei har ikkje råd til å gi oss erstatning i dag heller, seier han.

Nytt overgrep?

- Mange opplever dette som djupt urettferdig, seier prosjektleiar Kai Stene.  Han går så langt som å seie at det for nokon kan følast som eit nytt overgrep.  

Men Stene meiner ikkje det er grunn til å gi opp for dei tidlegare barneheimsbarna, som ennå ikkje har fått erstatning.

- Erfaringa hittil viser at når kommunane får tilstrekkeleg med informasjon, så gjer dei gode valg, seier han. 

Men kommunepolitikarane må oppleve at det er ei pressgruppe som gir dei besked.  Visst ikkje så  slepp dei å ta det opp, avsluttar Stene.