Narkometodar mot sextrafikk

Politiet skal bruke samme metodar for å ta horekundane som dei i dag brukar for å ta narkotikaselgarar. Det seier politistasjonssjef i Stavanger, Henry Ove Berg.
Publisert 23.04.2007 15:49.
- Skriv ut
- Dei som driv og sel narko går også under jorda. Me har erfaring i å jobbe mot dei og bakmennene der.
- Dei same metodane må me nok bruka mot horekundar og bakmenn, seier Berg.
Han er positiv til eit forbod mot kjøp av sex, slik som det blir i Norge, etter at landsmøtet til Arbeiderpartiet i helga, gjekk inn for å kriminalisera horekunder.
Talet på utanlandske prostituerte har auka kraftig i Stavanger det siste året. Arbeidetpartiet sitt vedtak i helga, saman med SV og Senterpartiet sitt syn, gjer at det nå er fleirtal for kriminalisering av dei som kjøper sex.
Fungerar allereide
- Allereide i dag har eg lese at kundetalet går ned, fordi det for tida er så mykje mediamerksemd rundt sexkjøp.
Det seier Nina Galta frå Arbeiderpartiet i Stavanger. Ho var ei av dei som stemte ja til kriminalisering av horekunder på landsmøtet til Arbeiderpartiet i helga.
Ho trur at ein del av dei utanlandske prostituerte, som i dag sel sex på Strandkaien i Stavanger, vil koma til å reise heim att.
- Men dei som ikkje gjer det må me passa på, slik at dei ikkje blir utsett for overgrep, seier hol
Lyd og video
Siste: NRK Rogaland
Finværet gir prisras på sydenturer - Streiken rammer ikke lokaloppgjøret
- Tidlig vennskap hindrer utflytting
- Båt gikk på skjær vest for Åkrehamn
- Fryktar for liva til barna
- Kvinne til sjukehus etter ulukke
- Kaos på Stavanger Lufthamn Sola
- Algegift stenger badevatn
- Politiet etterlyser denne mannen
- Klemetsen vil ha Carew til Viking










