Ryan Air vil teikna kontrakten, men dei har fleire krav til Haugesund Lufthavn Karmøy. Selskapet vil blant anna berre betala ein femtilapp i avgifter per passasjer og dei krev at dei tilsette på Haugesund Lufthavn Karmøy skal ta seg av alle praktiske detaljar.
Fleire turoperatørar seier dei vil vurdera charterturar frå Karmøy til Kanariøyane om Luftfartsverket gjer alvor av å kutta avgiftene med 90 prosent.
Direktøren for Sandefjord Lufthavn Torp trur Karmøy kan bli ein suksess som lågpris-flyplass.