Hopp til innhold

Han pyntar garasjen med 250 nissar

Bjarne Ogne har laga si eiga jule- og nisseverd inne i garasjen sin. Hundrevis av nissar, kuler og andre juleting skaper den stemninga som han vil ha rundt seg i desember.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: – Eg trur eg er veldig barnsleg. Det seier barneborna også, seier nissesamlar Bjarne Ogne.

– Dei så kjem inn her i garasjen, dei likar seg. Det er det verste med det. Du ser du likar deg du også, ikkje sant? Du får litt sånn stemning, litt førjulsstemning.

Nissesamlar Bjarne Ogne

Nissesamlar Bjarne Ogne

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Bjarne Ogne viser rundt i den store garasjen sin, som han har skapt om til si eiga nissehole.

– Eg trur eg er veldig barnsleg. Og det seier barneborna også. Dei seier: "Han er rar han farfar"! Og det er litt herleg å høyra.

Stor samling

Rundt 250 nissar frå inn og utland er utstilte i garasjen etter ein nøye utsilingsprosess. Og minst like mange ligg på loftet inne i huset. Dei nådde ikkje opp i årets konkurranse, men får sjansen igjen til neste år.
Og når nissane er komne på plass, då likar Bjarne seg aller best.

Nissedetalj frå garasjen på Stokka

Nissedetalj frå garasjen på Stokka

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Går du og snakkar med dei og kallar dei med namn?

– Ja, det hender det. Viss eg er i det lune til det. Då seier eg: Heisann, koss har du det i dag?

– Og då svarar den nissen du spør?

– Nei han svarar jo ikkje, men eg reknar med at han seier at han har det bra.

Heilt sprø

Kona til Bjarne, Eva Ogne, har besøk av to kollegaer i kveld. Og då må dei berre innom og kikka i den overpynta julegarasjen. Veninnene er begeistra, medan kona ikkje heilt veit kva ho skal meine.


– Det har blitt litt voldsomt. Han er jo heilt sprø, heilt galen. Men eg prøver å seie til meg sjølv at det kunne jo vore verre ting. Hallo, han kunne halde på med verre ting.

Kona opplever også at mannen kosar seg veldig i garasjen i førjulstida. Han har på julemusikk heile tida og han går og syng når han heng opp nye juleting.

Frå nissesamlinga til Bjarne Ogne

Utsnitt frå nissesamlinga til Bjarne Ogne

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Og så ropar han at eg må koma og sjå dei nye kulene og dei nye nissane. Men eg har jo ikkje peiling. Det går ikkje an å sjå forskjell på dei nye og dei gamle. Det er jo så mykje, ler Eva Ogne.

Den tunge nedpakkinga

Med stadig nye nissar så blir aldri garasjen lik frå år til år. Kvar nisse er eit minne og då blir ei vandring i garasjen ei vandring i hans eiga livshistorie.

– Eg mimrar mykje. Det er jo på mange måtar livet mitt det som er her, for nissane er kjøpte inn på forskjellige stader eg har vore og til forskjellige tider i løpet av livet.

Derfor blir det ekstra vemodig når jula er over og han ryddar vekk litt av livet sitt. Det er ei tid han gruar seg til.

– Ein ting er å pakka opp. Det er alltid stas. Men det å pakka ned, det er alltid ein nedtur. Eg har det litt i tankane, skal eg berre ha det slik? Slik at det blir julahus heile året? Det skal bli spennande å sjå ....