Hopp til innhold

Undersøker branntomta i dag

Politiet på Jørpeland reknar med å gå i gang med dei krimtekniske undersøkingane av branntomta på Barka fredag.

Brann Jørpeland

Politiet går truleg i gang med krimtekniske undersøkingar på branntomta på Jørpeland i dag, fredag.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg reknar med at me kan begynne på undersøkingane i dag. Målet er å leita etter noko som kan indikera kva som er brannårsaka, seier lensmann i Strand og Forsand, Geir Fatland, til NRK.

Det har tidlegare vore usikkert om det har vore trygt å jobba i huset, blant anna fordi politiet har frykta at taket skulle rasa.

Det var onsdag ettermiddag, i 17-30-tida, brannvesenet melde om full overtenning i ein leilegheit på Barka på Jørpeland. To personar, eit sambuarpar i 60-åra, omkom i den eksplosjonsarta brannen.

– Næringslokala i første etasje har fått vasskadar, i leilegheitene oppe er det heilt utbrent, seier lensmann Fatland.

Det er også ein privat barnehage og ein veterinærklinikk i bygningen som brann.

Barnehagen har dialog med Strand kommune om midlertidige lokale for barna.