Hopp til innhold

Vurderer strakstiltak etter skyteepisode

Ein mann blei i dag varetektsfengsla for fire veker etter å ha losna skot inne på akuttmottaket på Stavanger universitetssjukhuset i helga. Sjukehuset vurderer no kva dei kan gjere for å styrke tryggleiken.

SKyting på SUS

Det vart losna skot på akuttmottaket på sjukehuset i Stavanger laurdag kveld.

Foto: MAgnar Larsen

Ein 35 år gamal mann blei i dag varetektsfengsla for fire veker etter å losna skot inne i akuttmottaket på sjukehuset, laurdag kveld.

Skotet blei fyrt av i publikumsområdet i mottaket, men ingen blei skadd.

35-åringen var ikkje pasient på sjukehuset, men kom utanfrå med våpenet. Han er kjent for politiet frå før.

– Dei tilsette er prega av hendinga

– Dei tilsette reagerer med overrasking, og spør korleis i all verda noko slikt kunne skje, seier divisjonsdirektør ved Stavanger universitetssjukehus, Hans Tore Frydnes

Han seier dei no prøver å ta vare på dei tilsette så godt som mogleg.

– Bedriftshelsetenesta, psykologar og psykiatarar hjelper både enkeltpersonar og grupper. Me har hatt møter tidlegare i dag, og skal ha eit til seinare i dag, for å gå gjennom det som har skjedd, seier Frydnes.

Skyting på SUS
Foto: Magnar Larsen

– Må vurdere openheitsprinsippet

Stavanger universitetssjukehus vurderer no fleire strakstiltak etter skyteepisoden i helga.

Blant dei er styrka vaktberedskap i akutten og konkrete sikringstiltak i skranken, som skotsikre glas.

– Det vil bli vurdert i løpet av dei nærmaste dagane om me skal innføra desse tiltaka, seier Inger Cathrine Bryne, viseadministrerande direktør ved SUS.

Før episoden hadde sjukehuset bestilt risiko- og sårbarhetsananlyse (ROS-analyse) av Rogaland politidistrikt. Den blir aktualisert gjennom det som nå har skjedd.

Ho seier at det på lengre sikt kan bli aktuelt å sjå på kor opent sjukehuset skal vera for publikum.

– Det er stor grad av openheit og tilgenglegheit for befolkninga, og det har vore eit viktig prinsipp for oss. Men når det skjer slike dramatiske hendingar så må me vurdera kor vidt me kan ha ein slik openheit, seier Bryne.

Ho legg til.

– Tryggleiken for dei tilsette vil alltid vera viktigast for leiinga på sjukehuset.