Hopp til innhold

«Du skal skytast med ei hette over hovudet»

Dette er meldinga Olaug Bollestad (KrF), fekk frå ein innbyggjar i heimkommunen. Ho er ei av mange politikarar som opplever å bli drapstrua fordi ho har eit politisk verv.

Olaug Bollestad

Olaug Bollestad fekk drapstrugsel i 2013. Ho er framleis prega.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

«Du skal skytast etter Nürnberg-prinsippet, med ei hette over hovudet.»

Dette var meldinga stortingsrepresentant for Kristeleg folkeparti Olaug Bollestad, som då var ordførar i Gjesdal kommune i Rogaland.

– Eg var i utlandet, på ferie med mannen min, då denne beskjeden kom. Det første eg tenkte på var dotter mi på 17 år, som var aleine heime.

Ho ringde heim til dottera, og spurde om ho skulle be nokon vaksne om å sova i huset om nettene.

– Då høyrde eg eit sukk i andre enden, og dottera mi spurde om det var han som hadde truga som nå skulle ha makta over dei, fortel ho.

Det enda likevel med at dottera fekk ei veninne til å sova over.

Ei av mange som blir trua

Bollestad fortel si historie i samband med ei undersøking som NRK har gjort omkring drapstrugslar mot politikarar i Rogaland.

41 av 50 sentrale politikarar har svart på undersøkinga. Av desse er det 10 som fortel at dei har opplevd å få drapstrugslar, som følge av det politiske arbeidet dei gjer. Altså kvar femte politikar.

For Bollestad sin del fekk ho vite om trugselen via ein annan innbyggjar i Gjesdal. Bodbringaren fekk høyra om planen, via ein samtale han hadde med trugselmannen.

Olaug Bollestad

Olaug Bollestad er no stortingspolitikar for KrF.

Foto: Gunnhild Sørås / KrF

Etter å ha tenkt seg om kom han til at han ikkje kunne tie stille med det han hadde høyrt og gjekk både til politiet og til ordføraren. Sølv om dottera tok det med ro, innrømmer Bollestad at trugselen gjorde noko med ho.

– Eg har aldri vore ei dame som er redd for mørket eller redd for skogar og eg har vore ute ei vinternatt før, men dette gjekk likevel inn på meg. Eg tenkte på det når eg var ute å gjekk åleine og når eg var aleine i huset, spesielt når det var mørkt ute, fortel ho.

Bollestad har ei fortid som helsearbeidar, og har i den samanheng opplevd trugslar og utagerande pasientar. Dette var likevel noko anna.

– Eg visste ingenting, ikkje kor og ikkje når det eventuelt skulle skje noko. På akuttmottaket kunne eg berre snu namneskiltet mitt så visste ingen kven eg var, nå kom trugslane fordi at folk visste kven eg var, seier ho.

Politikarar skal ikkje tola trugslar

Sjølv om ho nå bur i Oslo, mange mil frå Gjesdal, pregar framleis trugselen avferda hennar.

– Eg tar ikkje alt for god fisk lenger, og når eg går heim tar eg forholdsreglar. Eg tenkar at eg har eit anna fjes nå og at folk kan vera ute etter å ta meg. Slik hadde eg aldri tidlegare trudd at eg skulle tenka, fortel ho.

Etter trugselen blei det sett i gang ein del tryggingstiltak rundt Bollestad i kommunen. Mannen som kom med trugslane har vore i samtalar med politiet, og har fått eit besøksforbod.

Stortingspolitikaren er glad for all støtte ho har fått. Ho meiner at det ikkje er bra at mange politikarar opplever å bli truga på livet:

– Eg toler mykje som politikar. Verbal usemje og politiske diskusjonar, men trugslar skal me ikkje tola som politikarar. Det gjer noko med oss, det skaper større avstandar og eg trur at me på sikt kan få ein annan type politikarar for det er ikkje alle som orkar å utsetja seg for trugslar. Eg måtte jobba meg gjennom dette på min måte, og eg kjenner at det framleis er greitt å vera politikar, seier ho.

– Eg trur ikkje alltid dei som gir trugslane forstår konsekvensen av det. Det er noko eg tenker mykje på, seier ho.