Hopp til innhold

«Amerikatelegrafen» er 100 år – her er historia

I 1921 blei det sett rekord i Amerika-nytt. Berre ein halv time etter Jack Dempsey hadde vunne bokse-VM, nådde nyheita Stavanger. I dag blei 100-årsdagen til «amerikatelegrafen» markert på Ullandhaug.

Sjå innslaget om amerikatelegrafen.

VIDEO: Her får du historia til det som nå er NRK Rogaland sine lokaler i Stavanger.

Amerikatelegrafen

Distriktsredaktør i NRK Rogaland Ragnar Christensen, saman med initiativtakarane og eldsjelene Ragnhild Wathne og Egil Reimers under 100-årsmarkeringa.

Foto: Gunnar Morsund / NRK
Amerikatelegrafen Stavanger Radio

Amerikatelegrafen Stavanger Radio syner stolt fram det nye monumentet.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Steinbygget der NRK Rogaland i dag held til, var tidlegare kjent som amerikatelegrafen, og i dag blei 100-årsdagen til bygget feira med avduking av eit eige monument sett opp av NRK, Telemuseet og Telenor Kulturarv. Monumentet «Amerikatelegrafen» vart avduka av initiativtakarane og eldsjelene Ragnhild Wathne og Egil Reimers. Nå skal ettertida aldri gløyma historia om pioneranlegget på Ullanhaug, som etter kort tid gjekk ut på dato.

  • Sjå dokumentaren øvst i artikkelen

Mangeårig distriktssjef i NRK Rogaland, Ottar Odland, skreiv i si tid ned historia til Stavanger Radio-bygningen. Denne historia kan du lesa her:

Stavanger Radio-bygningen pa Ullandhaug

Telegrafdirektør Heftyes vei star det pa vegskiltet. Kven var han, og korleis hadde det seg at han fekk namnet knytt til vegstubben pa Ullandhaug?

Heftye-slekta kom til Christiania frå Sveits mot slutten av 1700-taIet. I eit hundreår eller vel det spela ho ei nøkkelrolle i bank- og finansliv i byen, først og fremst gjennom firmaet Thos. Joh. Heftye & Søn. Det var driftige forretningsfolk som også viste raus interesse for kunst og kultur. Thomas Johannessen Heftye kom nok til å setja sterkast merke etter seg. Han var ein av pionerane bak Den Norske Turistforening og sat som styreformann frå starten i 1868 til han døydde 18 år seinare. Aasmund Olavsson Vinje gjekk til han og fekk lån til stova si på Eidsbugarden da alle andre sa nei. Han var raus vert i Heftye-villaen ved Frognerseteren. Kommunen fekk overta den etter at han var gatt bort.

Sonen Thomas Thomassen, telegrafdirektøren, var også først bankmann, men valde seinare ein annan karriere. Han vart offiser, og sentral venstrepolitikar. I to omgangar var han forsvarsminister, først nokre månader hos Otto Blehr i 1903, andre gongen berre nokre veker i 1908, då statsministeren heitte Gunnar Knudsen. I 1905 hadde oberstløytnant Heftye den viktige posten som militær rådgjevar for statsrådsavdelinga i Stockholm. Telegrafdirektør vart han etter uniunsopploysinga i 1905.

Ullandhaug i 1931

Dette måleriet er frå Ullandhaug i 1931.

Omstridt prosjekt

Guglielmo Marconi lykkast i 1902 med det første trådlause signalet over Atlanterhavet, frå Cornwall i England til St. Johns på Newfoundland. I Norge fekk vi dei første stasjonane for radiotelegrafi i Lofoten (Sorvagen og Rost) i 1906. Svalbard-telegrafen kom i 1911 og var den første i arktiske omrade. Det største problemet i den tida var trafikken til og frå Amerika. Den gjekk pa sjøkabel. Britiske, franske og tyske selskap hadde monopol, og tok seg godt betalt. Norge og andre nordiske land såg på planar for ein nordisk atlanterhavskabel, men
kom til at prisen var for høg: Mellom 30 og 40 millionar 1910-kroner mot eit trådlaust samband til 3–4 millionar. Norge var med sine mange utvandrarar til USA ein storkunde på kabelsambandet endå så dyrt det var, omkring 1.30 kroner pr. ord fram til New York. 100-årsminnet for Eidsvollsverket i 1814 nærma seg. Då måtte ein rekna med ein kraftig trafikktopp. Då burde «Amerikatelegrafen» stå klar!

28. august 1912 skreiv telegrafdirektør Heftye under avtale med det britiske Marconi-selskapet om trådlaust telegrafsamband mellom Vest-Norge og Boston. Endeleg kontrakt var det likevel ikkje tale om. Regjering og Storting måtte godkjenna prosjektet, helst før 1. mars 1913. Kostnadssummen var 2.1 millionar kroner.

Sterke krefter prøvde a forpurra planen. Marconi hadde ein mektig tysk konkurrent, Telefunken, med ei teknisk løysing som enkelte fagfolk hadde betre tru på. Marconi skulle også ha vore lite heldig med 3 andre prosjekt, mellom anna var britiske regjeringsmedlemer mistenkte for korrupsjon til fordel for selskapet. Ein teknisk kommisjon slo i april 1913 fast at Marconi var best både på kvalitet og
pris.

Thomas Heftye (1860–1921)

Thomas Heftye (1860–1921).

I Sverige og Danmark lika Heftyes kollegaer dårleg at Norge skulle snappa dette prestisjeprosjektet. Det heitte at Heftye nærmast ved eit kupp hadde kome dei i forkjøpet. I eit intervju hadde dessutan telegrafdirektøren ymta om at svenskane nyleg hadde auka sitt telegrafibudsjett utan at formålet var kome klart fram. Det kunne kanskje hasta! Den svenske telegrafdirektøren valde etter dette å melda forfall til ein påtenkt skandinavisk telegrafikonferanse i Kristiania. Han var redd for at vonde kjensler frå unionsoppløysinga i 1905 skulle livna til igjen. Det var nok best a venta til «sinnen måhända hunnit lugna sig åtminstone så mycket att misstron mot oss gått över til belåtenhet over det vunna resultatet.» Det nytta ikkje stort når Heftye forsikra at han berre hadde den langt romslegare økonomien i det svenske televerket i tankane og slett ikkje mistenkte svenskane for lumske planar.

Heftye hadde ingen endeleg og offisiell avtale då fristen gjekk ut, 1. mars 1913. Det var fleire grunnar til det. Mellom anna hadde det vore politisk uro, med to regjeringskriser på mindre enn eit ar. Ministeriet W. Konow fall i februar 1912. Det var ein koalisjon av det nye «Frisinnede» Venstre og Høgre. Dei fire høgre-statsrådane trekte seg etter at Konow hadde snakka pent om nynorsken på ein fest i Bondeungdomslaget i Kristiania. Truleg var ingen av dei på festen,
men der var den unge Dagblad-journalisten Toralv Øksnevad, som straks såg det politiske sprengstoffet i statsministerens tale. Det hadde Iengt knirka i koalisjonen. Dette var dropen som fekk det til a renna over.

Høgremannen Jens Christian Bratlie overtok, men Stortingsvalet 1913 vart eit stort nederlag for høgresida. Venstre storma fram og Gunnar Knudsen overtok som statsminister for sju år framover.

Den nye regjeringa gjekk aktivt imot prosjektet. Arbeidsministeren, Andreas Urbye, hadde bade økonomiske og tekniske innvendingar. Men då Stortinget i slutten av juni 1913 skulle ta endeleg stilling, greidde saksordføraren, Johan Ludwig Mowinckel frå Bergen, å snu stemninga og fekk heile komiteen med på ei positiv innstilling. I debatten kom han med ein sterk appell til eit kraftig nasjonalt løft:

«Vor forste jernbane tog engelskmenderne. Nordsjokablene lod vi gaa fra os til danskerne, som ogsaa i en aarrekke opererte den norske Amerikalinie, indtil vi endelig tog mod til os og kom med!»

Nittini representantar sa ja til ei løyving pa 2.1 millionar til den nye stasjonen pa Jæren. 16 sa nei.

Marconis «gnistsendar» skulle vera på Ullandhaug. Vestgavlen i den store murbygningen har årstalet 1914. Hadde avgjerda vore klar etter den opphavlege tidsplanen, kunne trafikken vore i gang utpå sommaren det året. Men når det politiske vedtaket kom fire månader etter planen, fekk det uventa alvorlege konsekvensar. I august 1914 braut storkrigen ut i Europa.

Bygningen på Ullandhaug stod så å seia ferdig, master og antenne var også på plass. Men sendaren stod opplasta på seks engelske jernbanevogner, klar til utskiping frå Hull. Den kom aldri til Ullandhaug. Han hamna i Kairo! Først 6. desember 1919 kom regulær trafikk mellom Ullandhaug og Boston i gang. Det vart ein stillferdig start, berre verd ein kort notis i Stavanger-avisene. Utsetjinga i 1913 påførte sambandet eit teoretisk inntektstap på omkring 4.5 millionar kroner!

Det vart nå likevel god bruk for det då det endeleg var klart. Marknaden var Finland, Norge, Polen og Sverige og år om anna ekspederte Ullandhaug over 100 000 telegram. Aviser skaffa seg USA-korrespondentar og siste nytt derifra kunne vera framme pa mindre enn ein halvtime. Andre juli 1921 gjekk eit VM i tungvektsboksing i New York. Tittelinnehavaren Jack Dempsey motte utfordraren
Georges Carpentier. Femten minuttar etter at dysten var over, kunne Stavanger Radio i telefon til avisene fortelja at Dempsey hadde vunne. Det var rekord for Amerika-nytt den gongen.

For folket på Ullandhaug vart Marconi-sendaren ein brysam granne. Gnisten som bar morsesignala, bråket frå svære svinghjul og trykkluftdyser gav eit støynivå som sivilingeniør Haakon Otterbech i Elektroteknisk Tidsskrift i 1971 kalkulerte til melloml 20 og 130 decibel. Teknikarane brukte engelsk artillerihørselsvern, men fekk likevel varige mein. Grunnen skalv så det kjendest i legger og lår når gnistsendinga var i gang. Folk sa at med lagleg vindretning kunne Ullandhaug godt vore brukt som tåkelur! Bønder langt unna stasjonen truga med rettssak etter påstått verditap pa eigedom.

Gnistsignala gjekk ut på ei retningsantenne pa 1070 meter. Ti 122 meter høge master bar dei 24 bronsetrådane. Det fanst ikkje skog og livd pa Ullandhaug då. Med seks bardunsett vog kvar mast 62 tonn og talte to tonns vindtrykk pa toppen.

Sterkt og tungt byggemateriale

Kontraktane både for Ullandhaug-komplekset og for mottakarstasjonen på Nærland gjekk fil bedrifter i Stavanger. Hovudentreprenør var murmeister Axel Njaa, kontraktsum: 300 000 kroner. Murmateriale var hoggen granitt. Kontrakten mellom Njaa og Stavanger Stenhuggeri i Nedre Eiane, på sørsida av Lysefjorden, gjaldt både Ullandhaug og Nærland, den sluttsummen var 30 000 kroner.

Steinbrotet i Nedre Eiane var kome i drift omkring hundreårsskiftet. Stavanger Aftenblad melder 1. februar 1899 om «umaadelige felter af ægte, bastant granit, særlig egnet til gadesten (...) Prøver er sendt baade til Berlin og Hamburg for undersøgelse, og fra begge steder er det komt melding tilbage, at stenen er prima-prima».

Steinen vart sprengd ut med krut sidan dynamitt flisa opp granittblokkene og gjorde materialet porøst. Hoggeriet leverte gatestein og byggemateriale både til Stavanger og til utlandet. Steinen til Tollbua i Stavanger kom frå Eiane, det same gjorde byggematerialet fil Filmteatret. Steinhoggarane var gjerne svenskar, frå Värmland og Bohuslän. Men også mange vestlendingar lærte seg faget. Arbeidsformann like før hundreårsskiftet var Simon Bringeland. Han kom frå Førde i Sunnfjord. Men også frå Sokndal, Bokn, Karmøy, Skanevik og lenger nord pa Vestlandet kom arbeidsfolk fil Eiane, gifte seg og vart verande i Lysefjord-traktene.

Steinen til Ullandhaug vart frakfa med båt til ein nybygd kai som Telegrafvæesnet hadde ekspropriert grunn til på Grannes i Hafrsfjord.

Bygget pa Ullandhaug

Arbeidet kom i gang i juli 1913. Det vart fort veg direkte fram til byggeplassen, RADIOVEGEN. Hestelassa med stein, sement og murblokker var så tunge at den måtte forsterkast for dei tyngste blokkene kunne koma på plass, fortalde 95 år gamle Malfred Knudsen til Stavanger Aftenblad i September 1993. Han kunne også minnast svenske murarar som han heldt med nykokt kaffi, rause med skillingar til ungane og flittige loddkjøparar på basarar i Ullandhaug bedehus!

Takmaterialet var Valdres-skifer, levert av Stavanger Cementvarefabrikk. Trematerialane kom frå Øgreid og Sønner, mens malingfirmaet Ohm hadde sin avtale med hovudentreprenøren. Kraftfilførsla ordna Telegrafvaesnet sjølv direkte med Stavanger kommune. Elektrisiteten kom frå Oltedal-verket, høgspent, 5250 til 5600 volt, pris to øre pr. kWh, for minimum 20 000 kroner pr. år.

Partane tok eit viktig atterhald: Skulle det store straumuttaket koma til å forstyrra gatelysa i byen, var verket likevel pliktig til a sikra full leveranse fram til første juli 1916, mens Telegrafvæsenet på si side då i mellomtida skulle skaffa seg eigen kraftstasjon. Vart ikkje dette punktet respektert, skulle avtalen falla bort utan vederlag for nokon av partane.

Elektrisiteten matte koma pr. jordkabel for ikkje å forstyrra antennesignalet. «Kraftstasjonen» var den vesle åttekanta paviljongen aust for hovudbygningen.

Arkitekt for anlegga pa Ullandhaug og Nærland var Ole Sverre. kjend for Landbrukshøgskolen pa Ås, Holmenkollen Turisthotell, Steen & Strøm, ombygginga av Grand Hotel og mange andre monumentale byggverk. Om Ullandhaug heiter det i Stavanger Aftenblad 12. juli 1913: «Paa Udlandhaug skal avsender-stationen bygges i mur. Den vil bli en vældig, lang bygning, som hæver sig terrasseformig i 1, 2 og 3 etager. Grundfladen blir ca. 500 kvadratmeter. Det indre blir i hovedsagen ett stort rum, som gaar gjennem alle tre etager. Men i første etage under to- og treetageshoiden er der mindre værelser, mørkekamre og andre rum til teknisk bruk Den store sal ligger altsaa ikke paa ett gulv, men liksom i avsatser, forbundet med trapper og med utsigt over det hele fra en fremspringende balkon. Huset er av arkitekten formet bare som et skall over den form, som planen for Marconis maskiner kræver.»

Forelda utstyr. Nedlegging. Radio og TV-tider

Teknologisk vart sambandet Ullandhaug-USA avleggs så å seia frå starten i 1919. Den kraftige gnistutladninga skapte store problem for amerikanske stasjonar. Det kom stadig klager og krav om modernisering. I 1922 fylgde Stortinget opp med ei løyving på halvannan million til Ullandhaug og Nærland. I diskusjonen om dette kom også dei første flytteplanane opp. Våren 1925 vart ekspedisjonen pa Nærland flytta til telegrafbygningen i Oslo. Utpå sommaren kom ein ny mottakar på Fornebu i drift. Ein ny røyrsendar pa Jeløy ved Moss
tok over Amerika-trafikken. Gnistsendaren på Ullandhaug vart nedlagd. Det kom ikkje Amerikatelegrafens far, telegrafdirektør Heftye til å oppleva.

19. September 1921 var ein stor dag i Trondheim. Den nye Dovrebanenvart offisielt opna. Kong Haakon var komen dit dagen før. Det var folketrengsel og fakkeltog i sentrum. Olav Trygvason-monumentet vart avduka. Mange av gjester reiste med nattoget sørover. Det rulla ut frå stasjonen kl. 2345. Etter få minuttar kolliderte det med dagtoget frå Kristiania. Dei fremste vognene vart knuste. Seks passasjerar omkom, enkelte «fryktelig tilredt» heitte det i avisreportasjane dagen etter. Ein av dei var telegrafdirektør Heftye.

Det store huset vart ståande så å seia ubrukt i mange år. I mellomtida fekk Rogaland meir bruk for sendaranlegg for kringkasting. Det første låg på Tjensvoll, nær Solborg Ungdomsskole. Sendaren var på fattige 500 watt og vart opna i desember 1930. Etter at kringkastingslova frå 1933 knesette NRK-monopolet kom det midt i trettiåra ein 10-kW. sendar pa Viste i Randaberg. Den vart også snart for liten. Men i 1939 vart det igjen bruk for murbygningen, nå som
lokale for ein ny 100-kW Marconi-sendar i mellombølgjebandet. Den vart sett i drift i 1939 og nådde langt nedover i Europa. Avløysar for den vart Kvitsøy-anlegget frå 1982. Da rann fjernsynstider for Ullandhaug-huset. Satellittsignal frå det når nok vel så langt ut i den vide verda som morsetelegramma frå den gamle gnistsendaren nokon gong gjorde.