Hopp til innhold

Magnhild hedra dei frivillige

– Dei frivillige organisasjonane betyr mykje for demokratiet, meiner fylkesmann i Rogaland, Magnhild Meltveit Kleppa. Laurdag baud ho inn til fest for å visa dei fram.

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa inviterte til fest for å feire de frivillige organisasjonene i Rogaland.

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa i samtale med dagleg leiar Synnøve Jørgensen i 4H Rogaland og Aleksander Holmen frå Frøy 4H.

Rundt 30 organisasjonar hadde takka ja til invitasjonen og stilte med stands og aktivitetar i Statens hus i Stavanger.

Arrangementet var opent for alle, og der var også fleire foredrag, pluss servering av kaffi, vaflar og pølser slik skikken er blant dei frivillige organisasjonane.

– Limet i kvardagen

Fest for frivillige

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa ville feira det frivillige arbeidet.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Det var fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa sjølv som hadde teke initiativet til festen som ein del av grunnlovsjubileet.

– Dette er eit arrangement for å visa fram frivilligheta sin innsats frå 1814 og fram til i dag, og kor viktig dette arbeidet er, også for framtida, seier ho.

– Eg meiner at dei frivillige organisasjonane er sjølve limet både i by og bygd. Det er dei som gir ein ekstra pifft og eit ekstra engasjement i kvardagen, legg ho til.

Magnhild Meltveit Kleppa meiner det står bra til med frivilligheta også i 2014.

– Det vert utført eit svært frivillig arbeid i dag og. Både i dei tradisjonelle organisasjonane, men og i nye formar, som til dømes frivillighetssentralane, seier ho

Hagelag og 4H

Blant organisasjonane på festen var Ungdommens Hagelag i Oltedal. Me trefte Oskar Hjørnevik i full gang med å bygga eit insekthotell.

– Det er for at dei skal klare seg gjennom vinteren. Dei må ha noko dei kan krype inni så dei kan legge egg. Biene og humlene og marihønene er viktige fordi dei bestøver plantene, seier han.

Ungdommens Hagelag Oltedal

Oskar Hjørnevik i full gang med å bygga hotell for insektene.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Også 4H var sterkt til stades på festen. Dagleg leiar i 4H Rogaland, Synnøve Jørgensen sette stor pris på arrangementet.

– Det er kjempeviktig å ha slike møteplassar for frivillige organisasjonar. Då blir me kjende med kvarandre og kan begynna å samarbeida, seier ho.

– Betre på dugnad

Synnøve Jørgensen

Synnøve Jørgensen er dagleg leiar i 4H Rogaland. Ho trur ungane i hennar organisasjon blir betre til å driva dugnad når dei blir vaksne.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Ho fortel at ho merker ein auka interesse for organisasjonen etter meldingane om kutt i løyvingane over statsbudsjettet. Og som Magnhild Meltveit Kleppa meiner ho at ein organisasjon som 4H er viktig for demokratiet.

– I 4H får ungane opplæring i fleire ting, mellom anna i det å sitta i styrer. Det trur eg kan hjelpa på dugnadsånda når dei kjem opp i til dømes trettiåra og får familie sjølv, seier ho.

Fest for frivillige

Gurine Aarsheim og Mette Lea frå 4H var blant deltakarane på festen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK