Hopp til innhold

Bondefamilie mot straumen

Mange bønder vel å slutta med mjølkeproduksjon. Det skremmer ikkje familien Salte i å satsa friskt.

Satsar på mjølkepoduksjon

VIDEO: Familien Salte satsar på mjølkeproduksjon på Jæren i ei tid der mange mjølkeprodusentar gir seg.

I dag kom dei to siste kyrne til gards på Salte på Jæren. Buskapen tel nå 30 dyr.

Dermed er driftsbygningen på Salte fylt opp for første gong sidan 1959.

– Eg har alltid hatt lyst å begynna med kyr. Og så tenker eg litt sånn at kvifor skal eg sitja på gamleheimen og angra på at eg ikkje prøvde, seier Arthur Salte.

Heile familien er med

Bonde
Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Salte er bonde mot straumen når han tar til med mjølkeproduksjon. I løpet av dei ti siste åra er talet på mjølkebønder redusert frå 23 000 til 9 000.

Med på mjølkelaget har han kona Marit Salte.

– Det hadde aldri gått utan henne, så me er i lag om dette, seier han.

Millioninvestering

Familien Salte har investert millionbeløp i ny driftsbygning og buskap, sjølv om dei veit at dei tar ein stor økonomisk risiko.

– Det er viktig å gjera det ein har tru på sjølv, gå for det og stå for det, meiner Arthur Salte.

Også sønene til Arthur og kona Marit er med på mjølkesatsinga.

– Eg trur det er viktig at dei får vera med oss i kvardagen og sjå at det er positive og negative sider med å arbeida. Dei lærer å ta i eit tak, seier Marit Salte.