Hopp til innhold

– Tyder på fall i eit rom med lågt oksygeninnhald

Det var Tor Inge Kalstø (55) frå Karmøy som søndag vart funnen død på jobb under ein tollkontroll på ein færøysk båt.

Mann funnet død på båt

Klokka 22.50 søndag kveld fekk redningsetatane melding om ein livlaus person om bord på ein båt i Kopervik på Karmøy.

Foto: Kristian Eidesvik

Familien til den døde har gitt samtykke til at politiet nå kan offentleggjera namnet. Kollegaer ved tollvesenet på Karmøy er også informert.

Politiet sine krimteknikarar har i natt undersøkt båten der ein mann i 50-åra blei funnen livlaus. Båten er registrert på Færøyane.

Foreløpig er det ingenting i politiet si etterforsking som tyder på at det har skjedd noko kriminelt. Politiet opplyser at den omkomne mannen blei funnen i eit rom i ein tank på båten.

– Den døde har skadar som tyder på fall ned i eit rom med lågt oksygeninnhald. Ein etterforskar saka førebels som ei ulykke, men me ventar på obduksjonsrapport, skriv politiet i ei pressemelding måndag.

– Ein etterforskar saka førebels som ei ulykke, men ventar på obduksjonsrapport. Den døde skal obduserast i morgon, tysdag 21. oktober, skriv politiet vidare i pressemeldinga.

Den norske tollaren skulle saman med to andre kollegaer kontrollera ein færøysk båt i går kveld. Båten heiter «M/S Heidi» og ligg til kai i Kopervik.

Det var i samband med denne ordinære tollkontrollen at dødsfallet skjedde. Tollarane er tilknytt Haugesund tollstad.

Det er ingen vitne til hendinga, ifølge politiet.

Karmøy lensmannskontor har sett i gang ordinær etterforsking av saka og Arbeidstilsynet og Sjøfartsdirektoratet er varsla.