Hopp til innhold

Han trudde det skulle gå heilt fint å ta hesten med seg opp på fjellet – der tok han feil

Tor Inge Bråtveit tok med hesten opp til Snønuten, 1604 meter over havet. Det gjekk bra. Nedturen derimot, den blei det verre med.

Hesten står fast rett under Snønuten

Hesten Sølvfaks står fast rett under Snønuten

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Snønuten på 1604 meter, er den femte høgaste fjelltoppen i Rogaland. Det er til dels bratt oppstigning, spesielt dei siste 100 metrane. Det hindra likevel ikkje Tor Inge Bråtveit frå Suldal, å ta med seg hesten sin opp på laurdag.

Hest og mann på veg opp til Snønuten

Hest og mann på veg opp til Snønuten

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Han heiter Sølvfaks og er 13 år. Det er ein blanding mellom Fjording og Ardenner. Ei blanding mellom den norske tradisjonshesten og ein stor bryggerihest frå Belgia. Først og fremst har den eit skikkeleg roleg hovud. Den lar seg ikkje stressa. Den tar det med ro fram til me finn ein veg.

Dette fortel Tor Inge Bråtveit frå Valskår i Suldal. Han hadde overnatta i ei hytte lengre inn i Dyraheio og var på veg heimover, då han fann ut at han skulle ta med hesten på topptur til Snønuten.

Gjekk greitt å koma opp

– Me kom opp frå austsida av Snønuten. Der er det litt enklare enn den vanlege vegen frå vestsida, som dei fleste går. Heilt enkelt var det likevel ikkje. Me måtte gå litt att og fram nokre gonger, men me fant ein plass der det går an å koma opp.

– Men då du skulle ned igjen, då forrekna du deg litt?

– Ja eg gjorde i grunnen det. Eg er godt kjent utan hest og trudde det skulle gå godt. Eg visste det var vanskeleg ned frå nuten, men eg har gått i mange vanskelege terreng med hesten og rekna med at det skulle ordna seg. Men der var eg nok i overkant optimistisk.

Snønuten

Full stopp

Det gjekk greitt å koma 30–40 meter nedover, men då blei hesten redd og nekta å flytta seg.

– Den sto bom stille i eit par timars tid, meiner Bråtveit. I mellomtida prøvde han å finne ein alternativ veg ned og då det ikkje lukkast byrja han å mura trappetrinn med store steinar han fann. Det verste var elles at dei som hadde vore på toppen av Snønuten den dagen, dei var alt godt på heimvegen, så det var berre han, hesten og hunden Kaci igjen der oppe.

– Eg klødde meg i hovudet og det kokte ganske godt under topplokket. Men etter eit par timars tid, så høyrde eg nokre folk i fjellet under meg og gjekk og snakka med dei.

Redningsmennene hadde gått seg vill

Dei fem som då dukka opp, hadde tatt feil veg på turen opp til Snønuten, og var godt forseinka. Tre av dei blei med og lokka og stødde hesten, slik at den våga å lea på seg igjen.

– Då den først var komen i gong, gjekk den nokså elegant opp igjen til toppen, fortel Bråtveit.

– Men du hadde nå flaks då, i og med at dei hadde gått seg vill og at det var derfor dei var så seint ute?

Hest på Snønuten

Hesten Sølvfaks og eigaren Tor Inge Bråtveit, like ved Snønuten, 1604 meter over havet

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Ja, eg må takka dei endå ein gong. Det var flaks. Det var det. Uflaksen var at eg gjekk meg fast, men flaksen var at dei kom der godt ut på ettermiddagen.

Det vart ein del filosofering og ein del fysisk aktivitet, før hesten var berga, fortel Bråtveit.

– Men då han først innsåg at han ikkje hadde noko val, så kom han seg greitt opp igjen.

Ennå gode vener

Dei to fann ein annan veg og kom seg greitt ned frå Snønuten i andre forsøk. Ikkje blei det mørkt før dei var nede ved vegen heller. Og Sølvfaks blei heller ikkje avskremd av toppturen.

– Nei det blei han slett ikkje. Eg var nede og snakte med han nede på beitet i går og då humra og kneggja han og kom bort og fekk ein godbit av meg. Så me er minst like gode kompisar som før, slår Bråtveit fast.

Flere nyheter fra Rogaland