Hopp til innhold

Har blitt truga på livet - likevel nektar ho å la seg knebla i kampen mot terror

Prjin Atrushi (16) har blitt truga på livet fordi ho står opp mot terror. Likevel nektar ho å la seg knebla, og måndag heldt ho appell på demonstrasjonen mot terror og ekstremisme i Stavanger.

Prjin Atrushi med appell mot terror i Stavanger måndag 1. september.

SJÅ VIDEO: Prjin Atrushi heldt ein sterk appell i Stavanger måndag.

Det var Muslimsk Fellesråd i Rogaland som tok initiativ til demonstrasjonen, der dei inviterte alle trussamfunn, Den Norske Kyrkja, kommunen og andre organisasjonar til å vera med å demonstrera mot terrorgruppa IS.

– Terror høyrer ikkje heime verken i Islam eller det norske samfunnet, seier Summer Ejaz i Muslimsk Fellesråd i Rogaland.

Truga på livet

Prjin Atrushi

NEKTAR Å LA SEG TEIA: Prjin Atrushi (16).

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Blant dei som heldt appell var 16 år gamle Prjin Atrushi. Kurdaren har fått trugslar mot både seg sjølv og familien sin. Likevel nektar ho å la seg teia.

– Det har vore truslar om at dei ville drepa meg og familien min, men det skremmer meg ikkje i det heile tatt, seier ho.

– Eg blir sterkare for kvar gong. Eg er redd for familien min, men ikkje for meg sjølv, held ho fram.

I appellen hennar la ho vekt på at folk ikkje må gløyma situasjonen i Kurdistan.

– Det er ikkje nok fokus på folkemordet i Kurdistan, og det som skjer der, seier 16-åringen, som er styremedlem i Sandnes og Jæren Sosialistisk Ungdom (SU).

Demonstrasjon mot terror i Stavanger

MANGE MØTTE OPP: Mellom 100 og 200 møtte opp for å ta avstand frå terror og ekstremisme.

Foto: Hanne Høyland / NRK

– Umenneskelege bilete

Mehtab Afsar tok turen frå Oslo for å tala til forsamlinga som samla seg i Stavanger måndag.

– Den viktigaste bodskapen er at me har ein felles front mot terror og ekstremisme. Ingen religion eller samfunn kan akseptera den type handlingar, difor skal det ikkje vera noko tvil om kva me meiner om dette. Det er viktig å syne at me står saman mot slike haldningar, seier Afsar.

Demonstrasjon mot terror i Stavanger
Foto: Hanne Høyland / NRK

Han tykkjer engasjementet mot terror og ekstremisme har blitt større i det siste.

– Bileta som kjem frå Irak og Syria er så umenneskelege at ingen kan forklara dei barbariske handlingane. Ein ser kva IS står for, difor er det viktig for oss å stå saman mot slike handlingar. Bileta har vekt folk, for me trudde ikkje at slike barbariske handlingar kunne finna stad i vår moderne tid, seier han.

– Spesielt viktig å nå ungdom

Summer Ejaz

NØGD MED OPPMØTET: Summer Ejaz i Muslimsk Fellesråd i Rogaland.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Summer Ejaz i Muslimsk Fellesråd i Rogaland var veldig nøgd med både oppmøte og appellane måndag kveld. Han tykte appellen til Atrushi var sterkt, og seier det er ekstra viktig å nå ut til ungdomane.

– Ungdom i dag let seg lett frustrere over det som skjer i heile Midtausten. Me ser på det som skjer i Libya, Egypt og Irak, og me ser Taliban sine herjingar. Ungdom blir fort frustrert, og då leitar dei etter eit svar. Me må ut med bodskapen og eit klårt svar med kva Islam står for.

– Kva må gjerast framover?

– Både imamar og moskear må bli meir aktive i dialogarbeid, retta fokus mot born og unge og opna for dialog, det er det viktigaste, seier han.