Hopp til innhold

Oljearbeidsplassar i fare

Omlag 200 tilsette i olje og gassnæringa i Rogaland risikerer å misse jobben. Omlag 50 andre kan bli permitterte. NAV-direktøren er spent på kva som skjer vidare i næringa.

Rosenberg

Bedrifter varslar oppseiingar for tilsette i olje-og gassnæringa i Rogaland. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Kaj Hjertenes

Det er fem bedrifter innafor olje og gassindustrien som har sendt beskjed til NAV om at dei truleg kjem til å seie opp og permittere tilsette i nær framtid. Det dreier seg om omlag 200 oppseiingar og 50 permitteringar. NAV fekk desse opplysningane i juli månad.

– Nå er me spente på kva tala for august viser, seier NAV-direktør i Rogaland, Truls Nordahl.

Fryktar smitte-effekten

Truls Nordahl, NAV-direktør i Rogaland

Truls Nordahl, NAV-direktør i Rogaland

Foto: NAV

– Isolert sett er ikkje desse tala verken spesielt høge eller urovekkjande, slår Nordahl fast. Han minner også om at det slett ikkje er sikkert at det blir noko av oppseiingsplanane.

– Bedriftene gjer dette for å vera på sikre sida og for å ha varsla i god tid, seier han.

Det som likevel kan vera eit faremoment er smitte-effekten.

– Drar bedriftene hardare i handbrekket, så kan tala raskt stige, seier Nordahl.

Han ser klare teikn til at det er færre nye prosjekt å arbeide med i oljenæringa, og at også vedlikehaldskontraktane blir færre og mindre.

– Det ristar litt i bransjen for tida, og me er spente på kva tala for august kjem til å vise, seier han.

Vanskelegare tider?

Nordahl vil ikkje spå om kva framtida vil føre med seg for oljebransjen, men han minner om at dei som har spådd nedgang og krise, dei har tatt feil i minst 30 år.

– Me har ingen ting som tyder på at dette kjem til å gå verkeleg gale, men truleg må me innstille oss på litt høgare arbeidsløyse i olje og gass-sektoren enn tidlegare, seier NAV-direktøren.