Hopp til innhold

Her er Hugin sin nye heim

I fleire år har damplokomotivet «Hugin» sett sitt preg på Stavanger sentralbanestasjon. Nå er lokomotivet på plass i sin nye heim i Hamar.

Hugin er heime

Til venstre er lokomotivet på plass i museet på Hamar. Til høgre er det på sin tidlegare plass i Stavanger.

Foto: Thor Bjerke / Ole Andreas Bø / NJM / NRK

Det gamle damplokomotivet «Hugin», eller «Eiegubben» som det vart kalla, har sidan 1976 stått utstilt i avgangshallen på togstasjonen i Stavanger.

Då ventehallen skulle renoverast fann NSB ut at det var på tide å kvitta seg med den gamle slitaren. Norsk Jernbanemuseum fann plass til det i lokala sine på Hamar, og 17. juni tok lokomotivet ut på si førebels siste ferd.

Sjå video: Her fjernar dei «Hugin» frå ventehallen i Stavanger

Her kan du se hele arbeidet med å flytte det gamle damplokomotivet fra Stavanger jernbanestasjon.

VIDEO: Sjå hurtigfilm av fjerninga, som i røynda tok svært lang tid.

Ny heim

Nå kan Norsk jernbanemuseum melda om at Hugin har fått sin nye heim på Hamar. Det gamle damplokomotivet kom frå transporten utan skadar.

Her blir Hugin heist på plass

Hugin blei heist på skinnene ved museet, deretter blei det køyrt inn i lokala.

Foto: Thor Bjerke / NJM