Det er ikkje særleg behageleg – men han gjer det likevel

FACEPLANK: Dette er planking på fjeset.
Den norske stuntmannen Thomas Skjørestad meiner det er verdt å lida litt når ein kanskje er på sporet av det neste store nettfenomenet.
Publisert 20.03.2013 18:28.
- Kommentarer
- Skriv ut

Naking handlar om å kle seg naken ute i naturen, ta bilete av det og legga det ut på internett.
Foto: privat
Planking handlar om å legga seg stader, der ein normalt ikkje ligg.
Foto: Øivind Eskedal/NRK– Det handlar om å spreia glede, seier Thomas Skjørestad som er både stuntmann og kredittanalytikar i SR-Bank.
- Sjå video nedst i artikkelen ...
Måten han spreiar glede på er å legga ut bilete på internett av seg sjølv på hovudet når han har ein arm i lufta. Han kallar det «Faceplanking», og det er langt frå smertefritt.
– Ser utruleg dumt ut
Thomas ligg nemleg med heile kroppsvekta si på fjeset. Ein posisjon han berre klarer å halda i nokre tidels sekund. Men dette er nok til å knipsa eit bilete, og få det ut på nettet.
– Det ser utruleg dumt ut, men det er veldig vanskeleg, seier mannen som har vore stuntmann i filmar som Max Manus, Age of Heroes og kinoaktuelle Eventyrland.
Håpet er at «faceplanking» skal bli det neste store på sosiale medium etter planking og naking. Og så langt har tilbakemeldingane vore gode, eller i alle fall meiner han det sjølv.
– Eigentleg er det ingenting
– Familien min seier det er det dummaste dei har sett, og omgangskretsen min seier det er utruleg morosamt. Basehoppklubben eg er med i, Midget Base, driv alle på med dette nå, fortel han.
Kvifor er det kjekt å driva på med denne type ting?
– Eigentleg så anar eg ikkje, men det handlar vel om å overdriva noko så mykje at det blir ei stor greie, sjølv om det eigentleg ikkje er nokon ting.
Sjå korleis han faceplankar
VIDEO: Her demonstrerer Thomas Skjørestad faceplanking i TV-studioet til NRK Rogaland.
Siste: NRK Rogaland
Oilers vann og gjekk i føringa - Han plankar på fjeset
- – Fleire er misnøgde med å vera her
- Statoil får bot på 30 millioner
- Stien til Preikestolen er farlig
- Birkedal advarer mot broilere
- NSB vil fjerne sovevognene
- Vil stramme inn barnehageopptak
- Mann knivstukket på asylmottak i Hå
- Branner på Haugalandet











