Hopp til innhold

- Vindauga eksploderte i nabobygga

Ein kraftig brann i eit lagerbygg på Torshov i Oslo fekk vindauga i nabobygg til å eksplodera. Politiet åtvara mot giftig røyk.

Brannmannskaper på plass etter voldsom brann på Torshov

Brannmannskap på plass etter voldsom brann på Torshov i Oslo,

Foto: NRK/ Helge Carlsen
Volsom brann på Torshov

Volsom brann på Torshov

Foto: NRK/ Charlotte Haarvig Sanden
Brann Thorsov

Politiet åtvarar folk på Torshov mot giftig røyk frå ein brann i eit kontorbygg.

Foto: Charlotte Haavig Sanden / NRK
Innsatsleiar Tor Olav Heggem

Innsatsleiar Tor Olav Heggem.

Brannvesenet i Oslo fekk like før klokka 22 torsdag kveld melding om full fyr i eit lagerbygg i krysset Markus Thranes gate og Sandakervegen på Torshov i Oslo.

– Fleire av vindusrutene i blokka vår 30 meter unna har eksplodert eller knust. Heile taket og toppetasjen er antent, seier reporter Helge Carlsen til NRK.no like etter kl.23.30.

Etter det NRK kjenner til skal brannen ha starta i eit butikklokale. Politiet har rykt ut med ti bilar til det overtente bygget, som no er totalskadd.

(Sjå video frå brannen lenger nede i saka)

Brannvesen og ambulanse er også på staden og har starta sløkkingsarbeidet, ifølgje operajonsleiar Even Jørstad i politiet.

Det skal ikkje vera nokon registrerte bebuarar i etasjen der det brenn. To personar som bur i bygget skal ha kome seg ut utan skader.

– Giftig røyk

– Huset brenn ned. Me ser rett inn i andre etasje no, taket er nesten heilt borte, fortel NRK-reporter Charlotte Haarvik Sanden.

– Me som står på god avstand og ser på kjenner varmen godt, seier ho.

Også reporter Carlsen fortel om dramatikk og kraftig røykutvikling.

– Svarte søyler med røyk veltar ut frå pipa og loftsvindauget. Politiet jagar vekk folk som har samla seg utanfor der det brenn, fordi røyken kan vera giftig.

– Eg har sjølv vanskeleg for å puste her, legg Carlsen til.

Video Lager på Troshov brant ned

Kontrollert nedbrenning

Rundt det overtente bygget ligg fleire kontorbygg og ein bygård. Ifølgje innsatsleiar i Oslopolitiet, Tor Olav Heggem, er det ikkje lenger fare for at brannen skal spreia seg til nabobygga.

– Brannvesenet er no i gang med ei kontrollert nedbrenning, seier han til NRK.

Politiet sperra av området rundt Sandakervegen, og brannvesenet har kontroll over brannen.

Årsaka til brannen er førebels ukjend.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.