Hopp til innhold

Jernring rundt sjukehus etter angrep

Politiet har lagt jernring rundt Ullevål sjukehus, der to personar frå ein familie i rommiljøet ligg hardt skadd etter det blodige oppgjeret mellom rivaliserande romfamiliar i Oslo måndag kveld.

Politioppbud rundt Ullevål Sykehus

JERNRING: Politiet har store styrkar på Ullevål Sjukehus der to personar ligg hardt skadd etter eit oppgjer i rommiljøet i Oslo måndag.

Foto: Olav Rønneberg / NRK

Ullevål Sjukehus i Oslo er tysdag omringa av politi som eit førebyggande tiltak mot nye angrep etter blodbadet på Torshov Bingo og Legevakta i Oslo måndag.

Fleire politipatruljar har oppstilling rundt sjukehuset, og det er væpna polititenestemenn både inne og ute, i tillegg til politi i sivil på staden.

Politioppbud på Ullevål Sykehus etter blodig oppgjør i rommiljøet

OMRINGA: Ullevål Sjukehus er omringa av politi for å hindre nye åtak mellom dei rivaliserande rom-familiane i Oslo.

Foto: Olav Rønneberg / NRK

Inne på sjukehuset ligg to personar alvorleg skadd etter det blodige åtaket, som av politiet blir skildra som ein del av ein mangeårig konflikt i rommiljøet i Oslo.

BAKGRUNN: To alvorlig skadet i gjengoppgjør i Oslo

Ifølgje innsatsleiar på staden er det store politioppbodet eit førebyggjande tiltak for å hindre nye åtak.

Føler seg svikta av politiet

Familiemedlemmar som NRK har snakka med, har klåre formeiningar om namngjevne personar frå ein rivaliserande familie som står bak.

Kjelder i rom-miljøet seier til NRK at ei gruppe gjekk til angrep fordi dei føler politiet ikkje har tatt politimeldingane deira mot den rivaliserande familien alvorleg.

Dei meiner politiet ikkje har gjort noko med politimeldingar av truslar og annan kriminalitet som følge av konflikten, og slo til sjølv for å få ein slutt på det.

Skuldingane om truslar går begge vegar mellom forskjellige familiar i det norske rommiljøet.

For knappe to veker sidan var det ei skyteepisode på Grønland, der folk frå same miljø var involvert.

Blodig bil etter slagsmål på Torshov bingo

BLODIG: Blodspora etter slagsmålet på Torshov bingo er tydelege etter at ei væpna gruppe gjekk til åtak.

Foto: Fredrik Hove / Hove Media

Det skal denne våren ha vore romfolk frå utlandet i Noreg for å mekle i konflikten, men fredsmeklinga lukkast ikkje.

Fryktar meir blodbad

NRK erfarer at dei to som ligg hardt skadd på sjukehuset er ein leiande figur i ein av dei rivaliserande familiane i Romfolk-miljøet i Oslo, og sonen hans.

Dei to andre som blei lettare skadde blei sendt til legevakta, der dei igjen blei angripne. Væpna politi heldt måndag kveld vakt også utanfor Legevakta for å avverje fleire episodar.

Politiet skildrar oppgjeret som ein del av ein mangeårig konflikt i rommiljøet i Oslo som har blussa opp igjen, og seier dei fryktar fleire hemnaksjonar.

– Historia har vist oss fleire gonger tidlegare at det er lett for at slike ting blir hemna, og vi fryktar hemnaksjonar. Det vil vi ikkje ha noko av, seier operasjonsleiar i Oslo politidistrikt, Ola Krokan.

Fire personar arresterte

Fire personar er arresterte etter angrepet, og politiet sjekkar om dei har tilknyting til valdsepisodene både på bingoen og på legevakta.

Alle dei arresterte skal vere norske statsborgarar. Politiet har også sikra seg overvåkingsbilete av angrepet på Torshov Bingo.

Ifølgje politiet skal dei to skadde på Ullevål Sjukehus avhøyrast i løpet av dagen.

AKTUELT NÅ