Hopp til innhold

Skaut inn i bustad i Oslo

GRØNLAND (NRK.no): Det blei måndag kveld losna skot mot ein bustad i Oslo. Politiet har avslutta jakta på gjerningsmannen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politijakten er avslutta etter skota mot ei leilegheit på Grønland i Oslo måndag kveld.

– Søket vart avslutta ved fire tida i dag tidleg, fortel Svein Ole Grunnvåg, vaktleiar ved krimvakta.

Han fortel at dei ikkje har funne gjerningsmannen som avfyrde skot inn i ei leilegheit på Grønland. Han vil heller ikkje å fortelle noko om personane som bur i leilegheita.

– Folka som bur der har inga konkret forklaring som går på at nokre skulle hatt motiv til å skyte inn i leilegheita, seier han.

Avslutta søket

Saka vil no følgje vanleg etterforsking etter at kriminalteknikarar har sikra spor på staden.

– Det vil bli aktuelt med fleire avhøyr for å fortsette saka, fortel vaktleiaren ved krimvakta.

Dei har nokre vitneobservasjonar men ønsker tips frå alle som har observasjonar om skyteepisoden.

  • Tips politiet på 22669798

Fleire skot avfyrt

Skota som politiet fekk melding om 21:45 var retta mot ei leilegheit i Heimdalsgata, og éit av skota gjekk inn gjennom eit vindauge i første etasjen.

– Det er skote to-tre fire skot. Nøyaktig tal veit me ikkje, men truleg tre-fire skot i rask rekkjefølgje, seier innsatsleiar på staden Lasse Alver til NRK.no på måndag.

– I alle fall eitt av skota har gått gjennom eit vindauge og inn i ei leilegheit. Det er observert ein gjerningsmann på staden. Me har ikkje veldig gode skildringar av han, men me jobbar med det gjennom vitne som einingane snakkar med no, legg Alver til.

Helikopter og hundar

Området vart sperra av i Motzfeldts gate på nedsida av Botanisk hage på Grønland i Oslo.

Væpna politi undersøkte bakken med lommelykter og hundar, snakka med vitne, og det var politihelikopter i lufta.

Innsatsleiar Alver stadfestar at det var folk heime i leilegheita då skytinga fann stad. Etter det politiet kjenner til, er ingen såra som følgje av skytinga.

– Me har sjekka den aktuelle bustaden og har personell der inne no. Der er det iallefall ingen skadde, seier innsatsleiar Alver til NRK.no på måndag kveld.

Det blei måndag kveld losna skot mot ein bustad i Oslo. Politiet jaktar på gjerningsmannen med væpna patruljar og helikopter.

Innslag om skyteepisoden i Kveldsnytt på NRK1.

– Me høyrde ein del skot som blei avfyrt utanfor. Det var ganske raske skot, dei kunne minna om eit automatvåpen, men da er vanskeleg å seie, fortel nabo Tore Pettersen på gata til NRK.

Det har vore skyteepisodar i det same området tidlegare, men Alver vil ikkje spekulera i eventuelle samanhengar mellom tidlegare hendingar og skytinga som skjedde måndag kveld.

– Stor krangel kvelden før

Eit vitne som NRK har snakka med fortel at ho varsla politiet om ein stor og aggressiv krangel utanfor den same bustaden søndag kveld.

Personen bur like i nærleiken og observerte krangelen frå vindauget sitt.

– Eg ringde til politiet og hadde ein samtale med dei etter å ha sett 10-12 menneske i ein svært amper krangel utanfor denne leilegheita. Dei hadde jernstenger i hendene, og det var tydeleg at det hadde vore eit slagsmål i forkant. Ei kvinne stod og sperra for ein aggressiv mann, seier vitnet.

Søndag kveld høyrde det same vitnet «minst fem skot som kom veldig raskt etter kvarandre».

NRK har ikkje lukkast med å få ein kommentar frå politiet rundt opplysningane frå vitnet.

Politibil ved sperring på Grønland, etter meldinger om skyting

Politibil ved sperring på Tøyen/Grønland etter meldingar om skyting.

Foto: Camilla Wernersen / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.