Sopp drep rhododendron

Ein frykta plantesjukdom som særleg går til åtak på rhodondendron er påvist ved fleire plantesentra.
Publisert 06.06.2007 09:01. Oppdatert 06.06.2007 09:26.
- Skriv ut
Ved Plantasjen, Oasen Hageland og Sanda planteskole på Nøtterøy og Rom Hagemiljø i Tønsberg har Mattilsynet avdekka soppsjukedomar på nærare 600 planter.
- Alle plantene er nå destruert, fortel seniorinspektør og spesialist på plantehelse, Hilde Marianne Lien ved Mattilsynet i Nordre Vestfold til Tønsberg Blad.
Kan ha kjøpt smitta planter
Mattilsynet veit ikkje om publikum har kjøpt smitta planter og planta dei ut i hagane sine.
Også i fjor blei soppsjukdomar påvist i Vestfold. No tyder mykje på at utbreiinga aukar.
- Vi konsentrer oss om import og kontroll av planteskular og hagesentra, seier Lien.
"Sudden Oak Death"
Soppsjukdommen Phytophthora ramorum blei første gong oppdaga på 1990-talet.
Den fikk namnet "Sudden Oak Death" i USA, etter at den hadde drepe store mengder eiketre og andre treslag.
I Europa er sjukdommen til no hovudsakeleg funne på plantene rhododendron og krossved.
I Noreg blei den første gong påvist i 2002 i importerte planter av rhododendron, som tilhøyrer lyngplantefamilien.
Dårleg eksportkontroll
Mattilsynet har på landsbasis oppdaga soppen på 20 importsendingar og 20 hagesentra/plantskular.
I Vestfold er soppen oppdaga på fire av dei seks stadene som Mattilsynet har kontrollert.
- Det er tankevekkande at smitta planter kjem inn til landet sjølv om det følgjer med sertifikat som fortel at dei er sunne. Det tyder på at kontrollen er alt for dårleg, seier Lien.
Dei smitta plantene er i hovudsak importert frå Nederland og Tyskland.
Friske parkanlegg
Mattilsynet har også gjennomført kontrollar av alle parkanlegga i Tønsberg.
- Heldigvis er ikkje soppen funnen der, seier Lien.
Sjukdomen fører til at plantene får svartbrune flekkar på stenglar og blad. Og etter kvart vil plantene visne og døy.
I tillegg kan soppen angripe barlind.
Siste: Vestfold
Siste riksnyheter
Baku: Den vakre byen ved havet - Ber FN om hjelp etter ny massakre
- En drept og åtte såret i skuddrama
- Partane i Oslo-meklinga tek pause
- Vil ikke myke opp egenkapitalen
- 90 drept i angrep på syrisk by
- Brasils president med miljøveto
- Pingvin fanget i Tokyo
- BI-lærer anklages for juks
- Nordmann blir klimatopp
- Svenn Stray er død
- Pavens butler arrestert
- Valgthriller i Egypt
- Massearrestasjoner i Baku
- Tre drept i bombeangrep i Tyrkia
- E18 stengt etter ulykke
- Historisk hendelse i rommet
- To hardt skadd i trafikkulykke
- Ble stående på jernbanesporet
- Varsler kaos i flytrafikken






Guardiola tok farvel med cupgull