Hopp til innhold

Tinnsjøferja Storegut på slippen

Norges største jernbaneferje skal gjerast klar igjen for persontrafikk på Tinnsjøen i Telemark.

Storegut

Veteranbåten skal vere klar før sommaren.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Målet er å få veteranbåten klar for turistsesongen i sommar, etter at ferja er blitt godkjent av Sjøfartdirektoratet.

Jernbaneferja MF Storegut er 11.000 tonn og gjekk i trafikk på Tinnsjøen frå 1956 til 1991. Skipet var ein del av transportsystemet Rjukanbanen og frakta jernbanevogner for Norsk Hydro på Rjukan.

Artikkelen fortset under biletet.

Øystein Haugan

Øystein Haugan, dagleg leiar i Stiftinga Rjukanbanen

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Målet er å få Storegut godkjent

Nå blir Storegut dratt opp på slippen i Tinnoset for å bli gjennomgått og sertifisert av Sjøfartsdirektoratet.

– Målet er å få Storegut godkjent, slik at vi kan sette den inn i turisttrafikken på Tinnsjøen, seier dagleg leiar i Stiftinga Rjukanbanen, Øystein Haugan.

Om ferja blir godkjent, er målet å frakte passasjerar på Tinnsjøen i sommar eller til hausten.

Freda av Riksantikvaren

MF Storegut blei freda av Riksantikvaren i 2009. Riksantikvaren har også vore med på spleiselaget for å få Storegut i godkjent for persontrafikk på Tinnsjøen.

Det kostar om lag ein halv million kroner å få Storegut opp på slippen ved Tinnoset stasjon. Heile dagen gjekk med til å buksere det store skipet opp på slippen, men først hadde skipper Birger Nilsen ein testtur på Tinnsjøen.

Storegut må forutan skipper og maskinsjef ha eit mannskap på minimum seks personar.

Artikkelen fortset under biletet.

Storegut

Storegut blitt gjort klar for å bli dratt opp på slippen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Mange veteranbåtar

Ifølgje Riksantikvaren er Telemark det fylket som har flest freda ferjer her i landet. Og to av dei største ligg på Tinnsjøen.

Storegut er 82 meter langt og har ein kapasitet på 19 jernbanevogner og 400 passasjerar.

For å bli godkjent er skipet blitt oppgradert med dei tryggingstiltaka som Sjøfartsdirektoratet krev.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark