21.03.2010

«Stig» skoten – jakta stoppa

Skutt gaupe (Foto: Jan Kenneth Bråten/NRK)

Illustrasjonsfoto: Gaupejakta er stoppa i Vestfold, og i deler av Buskerud og Telemark.

Foto: Jan Kenneth Bråten/NRK

Fylkesmannen stoppar gaupejakta i Vestfold, og i deler av Telemark og Buskerud.

Dette er klart etter at det er felt to gauper i dag.

Det eine dyret var radiomerka, og er kjent under namnet «Stig». Den vaksne hanngaupe blei felt i Sauherad i Telemark.

Åtte gauper felt

Dyret har vore utstyrd med GPS-sendar i to år, fortel Jon Odden ved Norsk Institutt for Naturforskning.

- I desse åra har Stig gitt oss viktig kunnskap, ikkje minst om storleiken på dei områda gaupa brukar. Men i haust gjekk batteria i sendaren tome. Det er ikkje noko tap for oss at Stig fall for ei kule i dag, seier Jon Odden

Det er og felt ein gaupeunge i dag. Ungen fall for ein gaupejeger i Larvik.

Etter at kvotejakta tok til mandag, er det felt åtte gauper i regionen. Fem av dyra er felt i Telemark.

Les: Dyktig jeger blei overlista

Les også: Skaut gaupe med kamera

Jaktforbod

Gaupe (Lynx lynx)

Gaupe
Foto: Namsskogan Familiepark
  • Det eneste viltlevende kattedyret i Skandinavia.
  • Den mest effektive jegeren av de fire store rovdyrene.
  • Cirka 400 individer i Norge.
  • Får i gjennomsnitt to unger per kull.
  • Etter en drektighetsperiode på 70 dager fødes ungene i mai-juni.
  • Gaupa var nesten utryddet i Norge i 1930-åra, men bestanden har økt siden 1950-tallet.
  • (Kilde: Rovviltportalen.no)

Jaktforbodet, som er nedlagt i dag, omfattar heile Vestfold, fire kommuner i Grenland, tre kommuner i Midt-Telemark, og Seljord, Hjartdal, Tinn og Notodden kommuner.

I Buskerud er jakta stoppa i Kongsberg, Røyken, Hurum, Øvre Eiker, Nedre Eiker og Drammen kommunar.

Tilleggsløyve

Lars Bjaadal i rovviltnemnda seier at han etter helga vil vurdere å gje tilleggsløyve, slik at jakta kan opnast i områda der det no er jaktforbod.

- Resultatet av jakta i helga avgjer, seier Lars Bjaadal.

Den regionale rovviltnemnda har avgjort at det kan skytast 24 gauper i regionen. I tillegg har nemnda ein reservekvote på fire dyr.

Topplister - Skatt 2006

Sjå topplistene for alle fylke, kommunar og postnummer.